Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 12. nov 2025

Anne Grethe Hauan
Anne Grethe Hauan
Fremskrittspartiet·Vestfold

SakMøte onsdag den 12. november 2025 kl. 10

Innlegget

Eg høyrer at statsråden snakkar veldig mykje om satsing på psykisk helsevern, og det er veldig bra, men fleire DPS-ar blir no lagde ned, f.eks. i Seljord, på Storslett, på Storsteinnes og på Tynset. I eit svar til Stortinget har statsråd Vestre skrive at dei regionale helseføretaka har fått i oppdrag å laga ein konkret og tidfesta plan for korleis den samla døgnkapasiteten i psykisk helsevern skal bli auka fram mot 2030. Fristen for å levera planane var 1. november, og departementet går gjennom dei no, håpar eg. Når kan Stortinget venta å få ei forklaring på statsråden sin plan for korleis den samla døgnkapasiteten i psykisk helsevern skal bli auka fram mot 2030, i staden for at døgnplassar i psykisk helsevern skal bli bygde ned?

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat

Anne Grethe Hauan (Fremskrittspartiet) — Replikk · 12. nov 2025 — OverStortinget