Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
I årets budsjett er det ei viktig og riktig prioritering av Helse nord med ekstra midlar for å møte deira utfordringar og sikre forsvarlege helsetenester i regionen. Samtidig står Helse Møre og Romsdal utan tilsvarande støtte, til tross for at føretaket har brukt driftskreditt i 12 av dei siste 14 åra. Dei forventar underskot på over ein halv milliard kroner i 2025, og det er betydelege ekstrakostnader knytte til helseplattforma. Helse Møre og Romsdal har i perioden 2017–2023 levert helsetenester med svært høgt produktivitetsnivå målt i kostnader per DRG-poeng. Dette tyder på at utfordringane føretaket står overfor, i hovudsak har årsak i underfinansiering, ikkje ineffektiv drift. For å sikre forsvarlege helsetenester til befolkninga i Møre og Romsdal er det behov for ei særskild redningspakke på 300 mill. kr. Vil statsråden ta initiativ til ei slik ekstraløyving på linje med tiltaka for Helse nord, for å sikre ei likeverdig helseteneste og berekraftig drift i heile helseregionen?
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
