Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 12. nov 2025

Frank Edvard Sve
Frank Edvard Sve
Fremskrittspartiet·Møre og Romsdal

SakMøte onsdag den 12. november 2025 kl. 10

Innlegget

Når vi står her i Stortinget og eg stiller statsråden eit spørsmål – om statsråden er villig til å gje ei ekstraløyving, altså ei redningspakke til Møre og Romsdal – forventar eg at statsråden svarer på det spørsmålet. Heile Møre og Romsdal er utruleg bekymra med bakgrunn i at vi er redde for at vi får helsetenester frå ein heilt annan planet enn i resten av landet. Det er alvor på gang. Vi er redde for helsetilbodet vårt. Vi er redde for at det skal kuttast til sjukepleiarar og legar for å dekkje inn eit nytt sjukehus. Eg vil ha svar på om helseministeren har tenkt å gje ei redningspakke på lik linje med det regjeringa har gjort i Helse nord.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat