Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 12. nov 2025

Helge André Njåstad
Helge André Njåstad
Fremskrittspartiet·Hordaland

SakMøte onsdag den 12. november 2025 kl. 10

Innlegget

Det er vel typisk at ein seier at det er fagfolka som har gjort ei berekning når ein er usikker på om ein kan stå inne for ho. Går ein tilbake og ser på anslaga for dei andre åra, har ein bomma ganske kraftig. I fjor trudde ein òg at det skulle vera ein vekst på 12 pst., og så var det ein nedgang på 10 pst. som vart fasiten. Statistisk sentralbyrå, SSB, som er eit anna miljø, sette òg sine eigne anslag, og dei har anslått ein nedgang på 2,7 pst. i staden for den oppgangen som Finansdepartementet har sett. Sett i lys av historikken der ein har bomma dei seinare åra og ikkje vore i kontakt med byggjenæringa og kva dei sjølve seier – for dei veit kva som er selt og kva som blir bygd, og dei veit kor byråkratisk det er – er det liten grunn til å tru at dette anslaget vil bli oppfylt; det er vel meir ein ønskedraum frå regjeringa for å nå målet om 130 000 bustader innan 2030, enn det er reelt at ein faktisk vil oppnå det. Kva trur statsråden er grunnen til at SSB har eit heilt anna anslag som faktisk trur på ein reduksjon, mens Finansdepartementet er optimistiske og trur på ein enorm auke ingen andre trur på?

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat