Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Eg trur me får vera einige om å vera ueinige om desse anslaga er gode eller ikkje. Utfordringa er iallfall at ein neppe når verken målet til regjeringa om å byggja nok bustader innan 2030 eller Framstegspartiets mål om å gjera det endå enklare å byggja bustader. Det hjelper ikkje berre å setja anslag og ei målsetting dersom ein ikkje følgjer opp med politikk. Me har etterlyst, og kjem i dag til å etterlysa, kva politikk ein har tenkt å føra. Skal det bli lettare å regulera og planleggja? Skal det bli billigare å byggja? Skal ein gjera andre grep? Har regjeringa nokon som helst overordna plan om å gjera det lettare å byggja bustader, få ned saksbehandlingstida, få ned reguleringstida og leggja til rette med anna enn eit anslag for å nå sitt eige mål og sørgja for at folk får billige, trygge og gode bustader å bu i?
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
