Replikk · 12. nov 2025

Kjersti Toppe
Kjersti Toppe
Senterpartiet·Hordaland

SakMøte onsdag den 12. november 2025 kl. 10

Innlegget

Takk for svaret. Det er sant at det er mange funksjonar som ikkje er til vurdering, men dei tusen som kom på folkemøtet, var jo opptekne av dei funksjonane vi skal mista. Det trur eg vi skal ha veldig stor respekt for. I helseføretakslova, som òg statsråden må forhalda seg til, er det ein § 30 som seier at det er nokre enkeltsaker som er av ei så vesentleg betydning at føretaka ikkje sjølve skal kunna avgjera dei endeleg, men at dei må opp på statsråden sitt bord i eit føretaksmøte. Det er saker av vesentleg karakter, med samfunnsmessig verknad. Eg meiner at ein del av desse forslaga, slik som å ta vekk ortopedi, som er ei stor teneste ved Lærdal sjukehus, vil få konsekvensar. Er statsråden einig i den vurderinga?

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat