Innlegget
Vi er nok ueinige om at denne prosessen er veldig bra for Helse Førde – for rekruttering der, for fagmiljø og for innbyggjarane. Dei opplever ei stor uvisse, og eg meiner det skulle vore parkert. Det statsråden seier, òg i intervjuet med Nationen, om at ein ikkje berre skal sjå på kva oppgåver ein skal ta frå lokalsjukehus, men òg kva oppgåver ein kan gi til lokalsjukehus, har ikkje eg sett at er vurdert éin plass i Helse Førde sine planar. Dei skal spara 100 mill. kr. Det er snakk om kutt på kutt, ikkje om å desentralisera oppgåver. Spørsmålet mitt er – om vi tar statsråden på ordet: Vil statsråden gi eit direktiv, eller be Helse Førde om òg å koma med eit konkret forslag om å flytta fleire oppgåver til lokalsjukehusa i Sogn og Fjordane?
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
