Innlegg · 12. nov 2025

Kjersti Toppe
Kjersti Toppe
Senterpartiet·Hordaland

SakMøte onsdag den 12. november 2025 kl. 10

Innlegget

«Regjeringa har i forslag til statsbudsjett gått inn for å skrote dagens nasjonale ordning for LIS1 (lege i spesialisering) og overføre ansvaret til dei regionale helseføretaka. Det er ei stor rekrutteringsutfordring i sjukehus med mangel på spesialistar, samtidig som det ikkje er mange nok LIS1-stillingar til å ta unna ferdigutdanna studentar som ventar på eit spesialiseringsløp. Kvifor vil statsråden ta bort det nasjonale ansvaret for dimensjonering av LIS1-stillingar i norske sjukehus?»

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat