Innlegget
No svarte statsråden på det spørsmålet eg skal stilla no. Det er om statsråden ser behovet for å gjera ei evaluering av korleis LIS1-tenesta, og særleg inngangen til ho, fungerer i dag. Det vart jo gjort ei omlegging frå loddtrekning om plass til ei søkbar ordning. Vi får no klare tilbakemeldingar om at legestudentar prioriterer å jobba under studiet fordi det er erfaring som vert lagt vekt på når ein skal søkja om LIS1, og ein prioriterer det i staden for å prioritera studiane. Vi ser òg at det er mange legestudentar med lisens som jobbar i stillingar på sjukehus i påvente av å få ein LIS1-plass. Dette er eigentleg ein ganske utfordrande situasjon. Eg meiner at vi treng ei ny nasjonal framskriving, og at vi treng ein gjennomgang av heile denne ordninga. Da kan jo statsråden få svara igjen på om han vil bidra til det.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
