Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Statsråden nemnde ikkje fylkeskommunen. Mykje av auken i antalet alvorlege ulykker og dødsulykker er faktisk komen på fylkesvegane. Fylkesvegane står for 80 pst. av vegnettet. Meldinga frå fylkeskommunen er at dei kuttar i trafikktryggingstiltak og vedlikehald, rett og slett fordi dei ikkje har råd til det. Kravet om nullutslepp på både buss, ferje og bil – ja, på det meste – gjer at ein ikkje har midlar til å kunne gjennomføre det, og ein kuttar no i både trafikktrygging og vedlikehald. Ein stor del av ulykkene skjer på grunn av dårlege vegar og mangel på vedlikehald. Forstår statsråden at veldig mange ute i distrikta no er bekymra, i heile Noreg? Det er jo fylkesvegar overalt, både i byane og i distrikta. Dei er bekymra fordi det aukar så kraftig på fylkesvegane, og fylka har ein så dårleg økonomi at dei ikkje er i stand til å levere.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
