Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Det er eit faktum i mange rapportar at ca. 30 pst. av ulykkene skjer på grunn av kvaliteten på vegen. Sjølvsagt er både vintervedlikehald og anna vedlikehald medverkande årsaker. Det er ikkje berre trafikanten. Sjølvsagt er det også det, men det er ikkje berre det. Eg høyrer statsråden skryte veldig av det ein har gjort, men i statsbudsjettet for neste år har regjeringa lagt opp til å kutte i lokale trafikktryggingstiltak. Trafikkadferd, eit frittståande samarbeidsforum for personar som driv utøvande haldningsarbeid overfor ulike trafikantgrupper over heile landet, reagerer kraftig på at det vert kutta i desse tiltaka. Dei lokale tiltaka er hjartet i det arbeidet. Når statleg støtte forsvinn, svekkjer det både tiltaka og motivasjonen hos dei som brenn for arbeidet. Mange legg ned tallause timar frivillig og er drivne av eit engasjement og eit ønske om å redde liv. Kva er grunnen til at regjeringa, viss dei vil satse på trafikktrygging, er så smålege at dei kuttar i slike tiltak, som er så viktige for det lokale engasjementet?
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
