Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 19. nov 2025

Geir Pollestad
Geir Pollestad
Senterpartiet·Rogaland

SakMøte onsdag den 19. november 2025 kl. 10

Innlegget

Her er vel kommunalministeren i kjernen av det som er problemet: at det er Jens Stoltenberg som bestemmer dette. Stoltenberg seier at han avblåser ein historisk pengekrise for kommunane. Det trur eg ikkje er noko ein opplever når ein har ungar på skulen, eller når ein ikkje får ein sjukeheimsplass. Senterpartiet vil ha ei solid satsing på kommuneøkonomien. Arbeidarpartiet har lagt fram 1,2 mill. kr – det får halda. Det må jo vera oppsiktsvekkjande og litt vondt at sjølv Høgre, som er mest kjent for å strupa og slå saman kommunar, er meir offensive på kommuneøkonomi enn det Arbeidarpartiet er. Det er eit rop frå heile landet om å betra den lokale velferda. Då er mitt spørsmål til kommunalministeren, om noko som er hans konstitusjonelle ansvar: Har regjeringa berre munn til å snakka med, eller har ein øyre til å lytta til dei krava som kjem om ein styrkt kommuneøkonomi?

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat