Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 19. nov 2025

Lene Vågslid
Lene Vågslid
Arbeiderpartiet·Telemark

SakMøte onsdag den 19. november 2025 kl. 10

Innlegget

Takk for spørsmålet. La meg starte med å seie at det er mange kommunar som gjer eit godt arbeid på barnevernsområdet. Barnevernstenesta har ansvar for ungar som lever under forhold som kan skade deira helse og utvikling, og dei skal få nødvendig omsorg, hjelp og beskyttelse til rett tid, slik at barnevernet utgjer ein viktig og positiv forskjell for veldig mange barn og foreldre. Samtidig veit me at enkelte kommunar har utfordringar med å oppfylle det ansvaret dei har. Me må erkjenne at kommunane har ulike føresetnader for å kunne utføre sine oppgåver. Føremålet med tilstandsrapporteringa frå barnevernstenesta er at kommunestyret og nettopp lokale politikarar skal få kjennskap og ikkje minst eigarskap til sitt lokale barnevern. Då er det avgjerande at den øvste leiinga i kommunen har god styring og kontroll med si barnevernsteneste. Dagens system har ulike verkemiddel for å føre kontroll med oppgåveutføringa til kommunane. Kravet til internkontroll gjeld kommunane sitt eige systematiske arbeid for å sørgje for at dei følgjer opp sine plikter etter barnevernslova, og internkontrollen gjev kommunane informasjon og ikkje minst ansvar for å følgje opp avvik og risiko for avvik. Dermed er det heilt grunnleggjande for deira eiga kvalitetssikring og kvalitetsutvikling. Som representanten veit, fører statsforvaltaren òg tilsyn med at kommunane oppfyller sine oppgåver. Tilsynet skal avdekkje svikt i kommunane, og så er det Helsetilsynet som koordinerer og rapporterer frå statsforvaltaren sitt tilsyn. Eg meiner at me har gode strukturar for kontroll med barnevernstenesta, gjennom både eigenkontrollen og det statlege tilsynet. Me må likevel fortsetje å styrkje kommunane sin kompetanse og kvaliteten på arbeidet i barnevernstenesta. Kvaliteten på kommunane sitt arbeid var eit av temaa i Riksrevisjonens undersøking av årsaker til utfordringar i barnevernet, som blei behandla av Stortinget i vår. Riksrevisjonen var særleg oppteken av utfordringar som held fram over tid, trass i iverksette tiltak. Som eg gjorde greie for ved behandlinga av den rapporten, er det sett i gang fleire tiltak dei seinare åra for å betre kvaliteten i barnevernet. Det er bl.a. teke grep for å styrkje kommunen si styring og leiing av barnevernstenesta, som me veit er heilt sentralt for å få ei god teneste. Seinast i kvalitetsløftet, som Stortinget vedtok i vår, blei det vedteke fleire viktige grep som skal styrkje det faglege arbeidet i kommunane og gje dei betre føresetnader for å kunne oppfylle sine lovpålagde oppgåver.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat