Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 19. nov 2025

Lene Vågslid
Lene Vågslid
Arbeiderpartiet·Telemark

SakMøte onsdag den 19. november 2025 kl. 10

Innlegget

Me må heile tida streve etter å bli betre, og difor er det så viktig at ein òg brukar kommunane sin eigenkontroll, ikkje berre for å avdekkje avvik, men òg for å setje i gang forbetringar. Som eg viste til i mitt første svar, har Stortinget slutta seg til ei rekkje tiltak som skal styrkje kompetansen i det kommunale barnevernet. Det me veit, bl.a. frå Helsetilsynet, er at dei gongene det skjer svikt i barnevernstenestene, skuldast det ofte mangelfull styring, leiing og internkontroll. Difor meiner eg det er så viktig at me har etablert nye opplæringsprogram for leiarar, bl.a. i internkontroll. Me har etablert leiarnettverk mellom kommunar. Det har eg veldig tru på – at ein kan lære av kvarandre. Me har òg oppretta ei ny vidareutdanning for barnevernsleiarar. Det er alvorleg når det er brot på barnevernslova, og difor er det så viktig med både internkontroll og eit statleg tilsyn.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat