Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Alvorlege brot på barnevernslova skal følgjast opp. Alle barn i Noreg skal få god hjelp frå sitt barnevern, og det er difor eg innleidde med å seie at veldig mange barn – dei aller fleste – får det. Då me styrkte kommunelova sine reglar om internkontroll for nokre få år sidan, var det bl.a. basert på at ein såg behovet for styrking. At ein har sett i verk fleire kompetansetiltak, veit me betyr mykje. Det eg nemnde i stad, at me er i gang med etterutdanning for leiarar i barnevernet, når det gjeld både kvalitet og internkontroll, har òg stor betydning. Eg meiner vidare at statsforvaltarane gjer ein veldig viktig jobb, ikkje berre med å avdekkje avvik eller svikt, men òg med å gje råd og rettleiing. Det er ulike føresetnader i kommunane, og difor er det ei enormt viktig oppgåve for statsforvaltaren å gje råd og rettleiing når alvorleg svikt er avdekt.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
