Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Replikk · 19. nov 2025

SakMøte onsdag den 19. november 2025 kl. 10
Innlegget
Det er brei politisk einigheit om at vi skal stoppe naturtapet og også prøve å redusere dette konfliktnivået. Eg opplever at det i kommunalpolitikken tek lang tid, og at det er eit ganske høgt konfliktnivå i mange arealsaker. Vi ser gong på gong at store naturverdiar fyrst blir kartlagde veldig seint i planprosessen, og då blir det vanskeleg å snu, sjølv om det kunne vore god grunn til det. Eit eksempel er planlegginga av ammoniakkfabrikken på Holmaneset i Bremanger. Der veks den eldste kjende kystfuruskogen på Vestlandet på havnivå, og kommunen vel å oversjå både sterke tilrådingar frå statsforvaltaren og lokale protestar. Statsforvaltaren er avgjerande for å ivareta omsynet til norsk natur og sjå den heilskapen som den enkelte kommune ikkje kan ha oversikt over. Ein alvorleg trussel mot dette og også mot matjorda er at regjeringa signaliserer at dei ønskjer få motsegn og også køyrer over statsforvaltaren når motsegn derfrå hamnar på statsrådens bord. Er statsråden einig med MDG i at tap av norsk natur må stansast, og har han tenkt å støtte statsforvaltarane og ikkje køyre over dei i nasjonale interesser?
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat