Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 19. nov 2025

Marius Langballe Dalin
Marius Langballe Dalin
Miljøpartiet De Grønne·Sogn og Fjordane

SakMøte onsdag den 19. november 2025 kl. 10

Innlegget

Vi har eit felles ansvar for å løyse dei utfordringane vi har – det trur eg vi er heilt einige om – med tanke på omsyna til både kommunen og naturen. Eg meiner oppriktig at konfliktnivået er noko for høgt. Det opplever eg iallfall at det gong på gong har vore i mitt formannskap. For meg handlar ikkje det om å snakke ned lokaldemokratiet, for det er kjempeviktig – det er vi heilt einige om. Å få ned behandlingstida, få føreseielegheit og ta vare på dyr og natur håpar eg vi kan ha eit godt samarbeid om vidare. Eg er sikker på at det betyr mykje for Arbeidarpartiet, slik statsråden har uttrykt. Eg ser fram til eit veldig godt samarbeid og håpar vi kan ta ein god prat om dette ved høve.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat