Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Takk for ein veldig god interpellasjon om eit veldig viktig tema. I Noreg står dei pårørande for ein enorm innsats som ofte ikkje blir anerkjent. Det trur eg alle er einig i. Det blir forventa, teke for gjeve og oversett. Dei bidreg med omsorg og tryggleik og er til stades i ein kvardag som for mange elles ville vore prega av uro og usikkerheit. Framstegspartiet meiner dette ikkje berre har ein emosjonell eller etisk verdi, det er òg ein heilt sentral ressurs for eit velfungerande velferdssamfunn. For Framstegspartiet handlar dette òg om valfridom. Pårørande skal ha moglegheit til å bidra når dei ønskjer det, men det krev at staten ikkje set hinder i vegen. Det må vere enklare å kombinera arbeid og omsorgsansvar. Samtidig må dei pårørande få den respekten dei fortener i møte med helse- og omsorgstenestene. Det betyr at informasjon må delast på ein ryddig måte, at innspel frå dei pårørande blir tekne på alvor, og at dei blir sett på som ein ressurs. Framstegspartiet har lenge vore tydeleg på at valfridom, fleksibilitet og mindre byråkrati er nødvendig for at pårørande skal kunna bidra på ein god måte. Verdien av pårørande kan ikkje målast i kroner åleine, men det er heva over tvil at deira engasjement både gjev høgare livskvalitet og sparar samfunnet for kjempestore kostnader. I eit samfunn der det blir stadig fleire eldre og presset på helsevesenet aukar, treng me eit system som styrkjer og ikkje svekkjer dei som står nærmast dei som treng det mest. Å anerkjenna, støtta og gje fridom til pårørande er ikkje berre god politikk, det er òg god omsorg og god samfunnsøkonomi. Det er òg heilt i tråd med det grunnleggjande synet til Framstegspartiet om meir fridom, mindre byråkrati og større respekt for menneska som faktisk får kvardagen til å gå rundt.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
