Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Eg vil takka interpellanten for å reisa ein veldig viktig debatt. Pårørande er jo noko som alle er i løpet av livet, og dei utgjer ein stor del av det samla arbeidet som vert gjort på helse- og velferdsområdet. Eg ser av tal frå 2020 at det vert berekna til 136 000 årsverk i pårørandearbeid, mens det var 142 000 årsverk i det kommunale helse- og omsorgstilbodet. Det er altså omtrent like mykje arbeid som vert gjort av pårørande som det offentlege gjer sjølv. Men får det tilsvarande mykje merksemd? Eg meiner at det aldri har fått det. Det har vore ein kamp i veldig mange år for å få respekt for den usynlege omsorga, som er ein berebjelke i velferda vår. Eg synest det har kome ein del viktige ting på plass, slik som pårørandeavtaler. Det har vore ein kamp for Senterpartiet, og no er det sagt at det skal på plass. Men ut frå det eg får vita, er det veldig varierande i kommunane kor langt ein har kome, faktisk innhald og kva slags verknad dei får. Men det er eit veldig godt instrument, og eg meiner vi må byggja ut dei pårørandeavtalene, slik at alle pårørande veit om at dei kan krevja det, og at kommunane òg brukar det aktivt til beste for dei som dei er pårørande for, men òg for dei pårørande sjølve. Det er veldig bra med medverknad og betre informasjon, men det er òg slik at vi må sjå på dei pårørande sine rettar. Vi i Senterpartiet har vore opptatt av avlastning, som er viktig for pasientane det gjeld, men det er òg viktig for pårørande. Difor meiner vi at ein må ha ei mykje større og kraftigare utbygging av dagaktivitetsplassar, korttidsopphald, avlastning, at ein kan få den tryggleiken om at ein vil få hjelp når det vert for strevsamt, og at dette er føreseieleg. Der trur eg vi har mykje meir å gå på, for vi veit jo at mange pårørande sjølve vert sjuke av å stå i den jobben. Eg vil seia at det å vera pårørande er ein del av livet, og det er noko veldig mange ønskjer og er takknemlege for, at ein kan yta omsorg for sine nærmaste, i den grad ein klarer og maktar det. Mange klarer og maktar ein god del, men det vi må vera opptatt av, er når det går ut over det som er rimeleg å venta, og når belastninga vert altfor stor fordi det kanskje ikkje er nok hjelp og dialog med det offentlege, som sjølvsagt har det største ansvaret for å gi forsvarleg hjelp, omsorg og oppfølging. Det var eit vedtak frå Stortinget om å forbetra pårørande sine permisjonsmoglegheiter i arbeidslivet. No får statsråden irettesetja meg i sitt siste innlegg, men eg forstår det slik at vedtaket no berre er kvittert ut med å seia at det ikkje er behov for betre permisjonsmoglegheiter for pårørande i arbeidslivet. Dette er ikkje slik eg kjenner det feltet. Vi meiner at vi må forbetra dei moglegheitene som folk i arbeid har til å kunna vera med sine nærmaste og gi omsorg når det er behov for det, og at ein framleis kan ha ei tilknyting til arbeidslivet. I Senterpartiet har vi i alle år vore opptatt av omsorgsløn. No heiter det ikkje det lenger, det heiter omsorgsstønad. Vi høyrer ikkje så mykje om det i denne debatten, men eg tenkjer den òg er viktig, for ein lever ikkje berre av gode ord; ein må òg få ein kompensasjon for tapt inntekt og ikkje minst for det arbeidet ein gjer. Til slutt: Senterpartiet har i sitt alternative budsjett tatt tilbake det kuttet til Pårørandesenteret. Eg veit at det har vore ei opprydding i tilskot ein kan søkja på, og at det ikkje skal vera på statsbudsjettet. Men vi meiner det er veldig gode grunnar for at Pårørandesenteret skal få det vidare, for det er heller ikkje heilt automatisk at dei vil kunna få tilsvarande gjennom å søkja på andre ordningar.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
