Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
VG har i haust avslørt ein helseskandale i Noreg som truar pasienttryggleiken og tilliten til helsevesenet vårt. Legar som kan vera farlege for pasientar, har fått jobba i Noreg sjølv om dei har vorte nekta det i landet dei kom frå. VG har dokumentert at minst 23 legar har fått fortsetja å jobba i Noreg trass i at dei har fått legeautorisasjonen tatt frå seg i andre land. Det er legar som er dømde for knivstikking av naboar, for seksuell utnytting av pasientar, for å ha skremt foreldre til å kjøpa dyre undersøkingar i legen sitt eige selskap ved å fortelja at barna deira kunne ha kreft, for å ha skrive ut store mengder med narkotiske stoff til seg sjølv eller nærståande og for alvorleg feilbehandling. Statens helsetilsyn vart varsla fortløpande om desse legane, men Helsetilsynet opna ikkje e-postane, og dei vart ikkje lesne eller følgde opp. Helsetilsynet slaktar sitt eige arbeid i ein ny rapport. Dei har no funne over 800 uopna varsel og erkjenner alvorleg pasientrisiko, svikt i rutinar og manglande leiarskap. Legesakene viser òg at EUs varslingssystem IMI knapt vert brukt i mange land, og varsla vert ikkje følgde opp av nasjonale myndigheiter. I tillegg er det eit nordisk varslingssystem som heller ikkje er godt nok. Saka stoppar likevel ikkje med dette. Helsedirektoratet, som innvilgar norsk autorisasjon i første omgang, har òg svikta totalt. I sommar vart ein lege i Sverige dømt til åtte års fengsel for valdtekter av ni pasientar. Etter at arbeidsgivar, politi og svenske helsemyndigheiter hadde undersøkt saka i ni månader, hadde nekta legen å koma på jobb, sagt han opp, starta ei gransking, tatt ut sikting og pågripe han, behandla norske myndigheiter søknaden hans om autorisasjon, og han vart innvilga. Legen kunne altså gå rett frå varetekt i Sverige til eit legekontor i Noreg. I slutten av mai 2024 gav Helsedirektoratet autorisasjon til ein annan svensk lege som allereie var funnen skuldig i seksuelle krenkingar mot to pasientar. Eit Google-søk på namnet til legen mens Helsedirektoratet hadde saka til behandling, ville ha fortalt at domen for seksuelle overgrep kom den 3. april, men ein gav da òg den søkjaren autorisasjon. «Vi har ikke rutiner for å google søkere», som Helsedirektoratet svarte i VG. Situasjonen var altså at norske myndigheiter våren 2024 jobba med å gi denne mannen legeautorisasjon i Noreg, mens svenske myndigheiter jobba for å ta den frå han i Sverige. Legar som kan vera farlege for pasientar og hamna i søkjelyset til tilsynsmyndigheitene, vil òg kunne vera legar som er tilbøyelege til å flytta på seg. Når vi ikkje har eit system som klarar å fange opp dette, er situasjonen ein fare for pasientar ikkje berre i Noreg, men over heile Europa. I ein situasjon med fri flyt av arbeidskraft over landegrenser, stor bruk av bemanningsbyrå og import av legar, særleg frå andre nordiske land, meiner eg det er ein skandale at også det norske godkjennings- og tilsynssystemet har svikta, og at svikten ikkje er oppdaga før VG tok saka. Korleis kunne det skje? Eg har mange spørsmål til helse- og omsorgsministeren i denne saka: Ansvarleg direktør i Helsedirektoratet for arbeidet med godkjenning av autorisasjonar sa til VG at det ville krevje «uforholdsmessig mye ressurser» om ein skulle sjekka kvar enkelt av dei 2 500 årlege autorisasjonssøknadene, men gjer det det, og er statsråden einig i dette? Kva ansvar tar statsråden for situasjonen, og kva vil statsråden seia til norske pasientar som kan ha vorte utsett for feilbehandling av legar som ikkje skulle ha praktisert i Noreg? Kva vurderingar har statsråden gjort når det gjeld organisering av dette arbeidet i Noreg, som no er delt på to organisasjonar som tydelegvis heller ikkje snakkar saman? I kva grad har statsråden og hans departement kontrollert arbeidet på dette området, og kva konkret har statsråden sjølv gjort når det gjeld å forbetra varslingsrutinane i andre land i Norden og i EU? Vil statsråden gå inn for at ein kan krevja vandelsattest for arbeid som lege i Noreg? Dette handlar ikkje om legane, det handlar om norske pasientar og tilliten til helsevesenet vårt. Saka er veldig alvorleg, og statsråden er øvste ansvarlege for at denne situasjonen har oppstått, og at han har fått gå føre seg så lenge. Til slutt: Takk til VG for å gjera jobben som andre skulle ha gjort.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
