Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 25. nov 2025

Kjersti Toppe
Kjersti Toppe
Senterpartiet·Hordaland

SakMøte tirsdag den 25. november 2025 kl. 10

Innlegget

Eg takkar for svaret frå helse- og omsorgsministeren. Statsråden gjer greie for det både Helsetilsynet og Helsedirektoratet har gjort etter at VG oppdaga den store svikten i systema deira. Det er vel og bra, og veldig viktig, sjølvsagt, at ein går grundig inn i det, og det skulle eigentleg berre mangla. Så vil eg seia at kommentarane frå dei som jobbar med dette i Helsetilsynet og i Helsedirektoratet, var veldig oppsiktsvekkjande, ved at ein ikkje hadde forstått det alvorlege i det, men eigentleg bagatelliserte det og sa at det ikkje var noko dei kunne gjort på ein annan måte. Det er veldig bra at dei verkeleg har gått inn i si eiga praktisering og sitt eige ansvar i desse sakene. Eg har tru på at det sjølvsagt vil føra til betre rutinar i Noreg. Likevel saknar eg eit svar frå statsråden om hans eige ansvar og departementet sitt ansvar. Er det slik at dette er eit område som ingen har sett i korta over veldig mange år, men trudd var i orden? Vi importerer jo veldig mange legespesialistar frå utlandet, særleg frå Sverige, og når det er eit så dårleg system, er mi bekymring: Kva skal skje dei nærmaste åra, før vi får til eit betre samarbeid i Norden og betre varslingssystem, for ein vil jo måtta bruka utanlandske legar i Noreg, sjølv om ein òg vil ha opp nasjonal utdanning? Kva ansvar har statsråden for organisering av dette arbeidet? Det spurde eg om i mitt hovudinnlegg. I dag er det Helsedirektoratet som i første omgang skal godkjenna autorisasjonen, og så skal Helsetilsynet i åra etterpå ha tilsyn, slik at ein oppdagar om det er legar som bør mista autorisasjonen sin. Eg ville iallfall ha sett på korleis dette arbeidet totalt sett er organisert under departementet, og eg vil gjerne ha svar frå statsråden på om han òg ser kva han sjølv kunne ha gjort for på ein måte å kraftsamla dette arbeidet og få ein betre samanheng mellom dei som sit og jobbar konkret med autorisasjonar i Noreg, noko som no er delt på fleire område. Det er òg nyttig å vita kor lang tid statsråden ser for seg at det vil gå før det kan koma på plass eit varslingssystem i Europa og i Norden som ein faktisk kan stola på.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat