Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Takk for svara og takk for innlegg. Eg må innrømma at da eg las om desse sakene i VG, vart eg berre så sjokkert og tenkte: Korleis er det eigentleg mogleg at både Helsetilsynet og Helsedirektoratet har gjort eit sånt arbeid? Det er pinleg, det er så alvorleg for tilliten, og pasientar skal ikkje kunna oppleva noko sånt i Noreg. Vi må tenkja: Kva om det var dine nære som vart utsett for eit pasientmøte med legar som absolutt ikkje har noko i det norske helsevesenet å gjera, og eigentleg ikkje bør jobba med pasientar nokon plass? Likevel har vi risikert akkurat det. Eg lurer framleis på kvar internkontrollen har vore før VG blåste opp denne saka. Det er det store spørsmålet vi sit igjen med. Feil kan skje, og det verkar som om både Helsetilsynet og sikkert òg no Helsedirektoratet går veldig grundig inn i saka, og at det kjem eit betre system ut av dette. Men korleis i alle dagar kunne dette skje? I så mange år, og med så mange kontrollar av autorisasjonar i året, har ein altså, slik eg oppfattar det, berre sett på om ein har autorisasjon i det landet ein kjem frå. Ein har ikkje tenkt vidare enn det. Difor var det mogleg at ein kunne ha mista jobben i Sverige, ein kunne ha vorte sett under gransking i Sverige og vorte sett i varetekt i Sverige mistenkt og sikta for overgrep, og likevel sit vi i Noreg og ser berre på om ein framleis har autorisasjon, og ikkje har mista han og ventar på ein rettskraftig dom. Sjølv om statsråden har vore innom veldig mykje av det som no skjer, kan eg framleis ikkje forstå at det ikkje har ringt ei bjølle hos nokon før VG slår opp dette. Det andre er det internasjonale varslingssystemet i Europa og i Norden. Eg kan forstå at ein har lent seg på det, men det burde jo ha ringt ei bjølle når ein såg at det var så mange land som ikkje melde inn. Ein burde tenkt på: Kan vi faktisk stola på dette systemet? Det har vel heller ikkje der vore ein internkontroll – det set eg iallfall spørsmålsteikn ved. Eg er glad for at statsråden vil følgje opp denne saka veldig nøye, og eg forventar at ein kjem tilbake igjen og informerer Stortinget når Helsedirektoratet har fremja sin rapport.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
