Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 26. nov 2025

Anne Grethe Hauan
Anne Grethe Hauan
Fremskrittspartiet·Vestfold

SakMøte onsdag den 26. november 2025 kl. 10

Innlegget

Eg er veldig glad for å høyra at statsråden deler uroa ved dette temaet. Dei tala eg viste til i spørsmålet, viser ein klar og urovekkjande trend der tvangsinnleggingane aukar, fleire blir ståande lenge i tvunge vern, og klagetala går opp. Dette skjer trass i at både lovendringar, faglege råd og styrking av kontrollkommisjonane nettopp skulle bidra til å redusera bruken av tvang. Målet om mest mogleg frivillig helsehjelp blir altså ikkje oppfylt, og heller ikkje dei rettssikkerheitstiltaka Stortinget har vedteke. Kan statsråden peika på eitt konkret og nytt grep han vil setja i verk no, for faktisk å snu utviklinga og redusera bruken av tvang i psykisk helsevern – ikkje på sikt, men i inneverande år?

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat