Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 26. nov 2025

Frank Edvard Sve
Frank Edvard Sve
Fremskrittspartiet·Møre og Romsdal

SakMøte onsdag den 26. november 2025 kl. 10

Innlegget

Det er 118 fylkesvegferjesamband og 16 riksvegferjesamband. Riksvegferjesambanda har 235 mill. kr i snitt i inntekter per samband, fylkesvegferjesambanda har ca. 35 mill. kr. I Møre og Romsdal har vi 20 ferjestrekningar som er fylkesvegferjesamband, og dei ligg på ca. 35 mill. kr per samband. Mange av dei sambanda er av landets desidert største, og er like store som dei største riksvegferjesambanda, men har altså eit heilt anna finansieringsgrunnlag, for det har eg sjekka i Grøn bok. Det er umogleg for Møre og Romsdal fylke å finansiere opp dei 20 ferjestrekningane, det er store ferjesamband. Det er det største ferjefylket i Noreg, som har 722 mill. kr fordelt på desse ferjene. Det som skjer, er at vi får eit a- og b-lag. Fylkeskommunen har ingen sjanse til å klare å finansiere det. Kva har statsråden tenkt å gjere for å sjå på ei meir rettferdig fordeling av ferjenøkkelen? I dag er det ikkje rettferdig.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat