Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Det som er praksis, og det som er fakta, er at tilbodet på riksvegferjene er betydeleg større og betre. Det er t.d. nattferje på riksvegferjesambanda i mitt eige fylke. Men vi har ikkje moglegheit til å finansiere det med den kostnadsnøkkelen som er for fylkesferjene i Noregs største ferjefylke Møre og Romsdal, og ha same tilbod som for riksvegferjesambanda. Det betyr at riksvegferjesambanda både har meir pengar, mykje betre frekvens og eit mykje betre tilbod, og er eit stort a-lag i forhold til fylkesvegferjesambanda. Så det må gjerast noko i fordelingsnøkkelen. Det er greitt å seie at fylkeskommunen kan gjere det, men i Møre og Romsdal manglar vi 140 mill. kr for å finansiere eit ferjetilbod som er dårlegare enn riksvegferjetilbodet. Så igjen: Eg håper ministeren kan sjå på ferjenøkkelen og dei normerte ferjeprisane og utrekningsmodellen der, for han kan ikkje vere riktig mellom riksveg og fylkesveg, og det bør vere likt på like samband.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
