Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 26. nov 2025

Kjersti Toppe
Kjersti Toppe
Senterpartiet·Hordaland

SakMøte onsdag den 26. november 2025 kl. 10

Innlegget

Ei heilt sentral prioritering i helsevesenet er å gi trygg helsehjelp ved livets start. «Situasjonen på fødestuen er så alvorlig at vi til tider er redde for å gå på jobb», sa ei jordmor til VG i går. Ho jobbar ved Hammerfest sjukehus, og ho fryktar for pasientsikkerheita. Helseføretaka har sett inn sparetiltak som går ut over den einaste nyfødtintensiv- og barneavdelinga i Finnmark. Det gjer eit stort inntrykk å lesa om situasjonen til dei tilsette og dei fødande i Hammerfest. Eg meiner dette ikkje kan forsvarast. Når ein er gravid og skal føda, må ein kunna stola 100 pst. på at det er jordmødrer som er til stades for å yta helsehjelp, slik at fødselen går bra. Situasjonen er no så kritisk at jordmødrer er redde for å gå på jobb og fryktar at ting kan gå gale. Spørsmålet er om helseministeren vil gripa inn i denne uhaldbare situasjonen.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat