Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Dette er dessverre ikkje ein unik situasjon for fødselsomsorga i nord. I vår kom TV 2 med sjokktal om arbeidspresset i norsk fødselsomsorg. «Vi har jordmødre som gråter på jobb fordi de er så presset», uttalte den dåverande leiaren i Jordmorforbundet. Kartlegginga viste hundrevis av brot på arbeidsmiljølova og massiv overtidsbruk. Tillitsvalde sa dei hadde varsla om høgt arbeidspress og dårleg bemanning, kvart år. I valkampen sa helseministeren at han skulle ta grep. Han la fram ei tipunktsliste for fødselsomsorga. Ikkje eitt punkt handlar om bemanning, og eg vil seia at det er lite igjen av desse grepa. Det er jo ikkje første gongen at det vert lova ting i valkampen som ikkje er følgt opp sidan. Spørsmålet mitt er om statsråden kan tidfesta når regjeringa vil setja i verk reelle tiltak for å betra den akutte situasjonen i dagens fødselsomsorg.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
