Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 26. nov 2025

Marius Langballe Dalin
Marius Langballe Dalin
Miljøpartiet De Grønne·Sogn og Fjordane

SakMøte onsdag den 26. november 2025 kl. 10

Innlegget

Det er stor underkapasitet i psykiatrien, spesielt i distrikta, og opptrappinga i psykisk helse merkar ein lite til. Hos oss i Sogn og Fjordane veit eg at det er ei vesentleg utfordring at pasientar ikkje møter til time i barne- og ungdomspsykiatrien, og at ein ikkje tek ikkje-møtt-gebyr. Det er svært vanskeleg å få utnytta timar på fridagane i skulen. Vi lurer på kor godt kapasiteten i dagens psykiatri faktisk er utnytta. Dei som jobbar i psykiatrien, må få tillit og tryggleik til prioritere, så dei sjukaste får rask og effektiv behandling. Rekruttering er ei stor utfordring, spesielt i distrikta. Vi lurer på: Vil helse- og omsorgsministeren sørgje for fleire døgnplassar og støtte forslaget vårt om auka løyvingar, betre rekruttering til distrikta og eit godt desentralisert tilbod i psykiatrien?

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat