Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Replikk · 26. nov 2025

SakMøte onsdag den 26. november 2025 kl. 10
Innlegget
Overbehandling og overdiagnostikk er allereie ei av dei største helseutfordringane våre og får lite merksemd. Det fører ikkje berre til unødvendig ressursbruk, og at dei som treng helsehjelp, må vente unødvendig lenge. Overbehandling og overdiagnostikk fører også til uhelse på fleire måtar. Det fører til unødvendige bekymringar i ventetida, både for dei som vert greidde ut unødvendig, og for alle dei andre som må vente lenger, og det fører til plager knytte til behandlinga. I verste fall kan det føre til varige mein eller livstrugande komplikasjonar som følgje av utgreiing og behandling som i tillegg er fullstendig unødvendig. Det er så mykje lettare å greie ut meir og behandle meir, for det får ein sjeldan kritikk for, sjølv ikkje når det går gale. Kva vil helseministeren gjere for at helsepersonell kan vere trygge og ta kloke val også i framtida – til beste for alle?
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat