Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Her er vi i sjølve kjernen av spørsmålet, altså prissmitte som har som konsekvens høgare straumpris, som rammar det norske folk og norsk industri. Det er heva over tvil at kablane aukar denne prissmitten, så difor vil talet på kablar vere ganske viktig. Arbeidarpartiet sitt program er, som statsministeren seier, heilt klart: Ein seier ein ikkje vil fornye dei to kablane, og ikkje byggje nye, nettopp for å hindre prissmitte frå Europa. Likevel seier på ein måte statsministeren – i ei regjering frå Arbeidarpartiet, som har eit så tydeleg program – at ein ikkje vil seie noko om desse kablane bør fornyast eller ikkje. Det er vanskeleg å forstå. Eg synest folk fortener eit noko klarare svar på kva som er regjeringa si haldning. Vil ein byggje to nye kablar, eller vil ein ikkje?
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
