Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Eg blir uroa, for ein viser til formuleringane i Arbeidarpartiets program. Resten av svaret seier det motsette, at ein opnar for nye kablar til Europa. Grunnen til at dette er ekstra utfordrande, er at EUs energiunion, som Arbeidarpartiet er ein varm tilhengar av, har som mål ein friast mogleg flyt av energi over landegrensene – ein felles marknad. Det vil òg vere ein risiko for norsk industri, der det største konkurransefortrinnet for delar av industrien nettopp er billeg kraft. Eg har lyst til å følgje opp med å spørje statsministeren direkte: Er målet med energipolitikken til EU om friast mogleg flyt og ein felles europeisk straummarknad eit mål statsministeren og regjeringa deler?
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
