Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Det er dessverre ikkje berre på energiområdet at regjeringa bøyer hovudet sitt for Brussel og EU. Noreg betalar milliardbeløp til EU gjennom EØS-avtalen for å sikre marknadstilgang for norsk næringsliv. Nyleg varsla EU at dei vil innføre toll på norsk ferrosilisium. Trass i at Arbeidarpartiet har sett opp farten på EU-tilpassinga gjennom å innføre fleire direktiv, trass i at vi betalar store midlar, og trass i at vi eksporterer meir av energien til EU, straffar EU Noreg gjennom ekstra toll. Regjeringa nøyer seg med å protestere, men vil ikkje innføre mottiltak for å vise at Noreg ikkje godtek denne behandlinga. Spørsmålet er: Finst det ingen grenser for kva Arbeidarparti-regjeringa vil godta for å blidgjere Brussel sjølv om det rammar norske interesser?
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
