Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Denne verkelegheitsoppfatninga er noko vi i alle fall ikkje heilt klarer å sjå. I eit av dei største næringsfylka, Møre og Romsdal, kan vi lese om konkursar i avisene kvar veke, jf. det eg sa om store, viktige bedrifter med hundre års historie bak seg som går konkurs. Dei går konkurs på grunn av ein politikk som fører til ein kraftig vekst i skattar og avgifter – ikkje minst på grunn av kostnader knytte til nullutslepp, drivstoff og ei rekkje område. Eg lurer på om statsråden køyrer bil eller om han har kjøpt seg bil i det siste. Vanlege folk har ikkje råd til å kjøpe dyre elbilar. Dei må bruke bensin- og dieselbilar. På landet og i distrikta må ein faktisk køyre ganske langt, og det er bruken som er brutal for innbyggjarar og næringsliv. Ikkje minst fører også kostnadene til mat, renter og alt mogleg anna til at det er vanskeleg for innbyggjarar og næringsliv. Forstår statsråden at det er vanskeleg for folk der ute no før jul?
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
