Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Det hjelper svært lite når f.eks. prisen på anleggsdiesel har gått opp med 8–9 kr sidan 2021 og no er på 20 kr per liter. Det rammar transportbransjen og bygg- og anleggsbransjen brutalt. Vanlege folk merkar ikkje det statsråden seier om kostnadene, som når det gjeld matvarer, har gått til himmels. I butikken har matvarene vorte så dyre at det rammar småbarnsforeldre og dei som har minst frå før, på ein ganske brutal måte. Eg har lyst å stille statsråden eit spørsmål knytt til korleis ting fungerer i kvardagen: Kva kostar éin liter mjølk og eitt brød i snitt når småbarnsforeldre – eller statsråden og eg – går i butikken i dag?
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
