Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Senterpartiet er veldig godt fornøgd med at me har fått lagt vekk avgift på mineralgjødsel, eller kunstgjødsel, som dei fleste kallar det for. Det ville ha svekt sjølvforsyninga i Noreg, det ville gjeve dyrare mat, det ville gjeve meir import av mat. Eg er for så vidt ikkje overraska, men veldig glad for at ein har fått med seg avtalen med Raudt, Senterpartiet og Arbeidarpartiet, og at han har vorte utvida i løpet av natta, slik at det no ikkje vert noka avgift på kunstgjødsel. Då er eigentleg det enkle spørsmålet mitt: Er dette arbeidet og papira rundt dette lagde i ein skuff i departementet, er dei makulerte, eller jobbar ein vidare med dette?
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
