Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 3. des 2025

Geir Pollestad
Geir Pollestad
Senterpartiet·Rogaland

SakMøte onsdag den 3. desember 2025 kl. 10

Innlegget

Det er veldig klart at det er forskjell på biologiske kretsløp og det å forbrenna olje, gass og kull med omsyn til utslepp. Alle er einige om at det òg i framtida vil vera utslepp frå matproduksjonen. Eg er litt interessert i dette som vert brukt frå finansministeren om overgjødsling. Her er det openbert ein teori ute og går om at norske bønder har veldig god råd og brukar meir gjødsel enn dei treng. Når eg har vore i kontakt med og snakka med fagmiljøa innanfor dette, landbruksrådgjeving og òg enkeltbønder, er det veldig mange som opplever at kunstgjødsel er dyrt, og at dei sjølvsagt ikkje gjødslar meir enn dei treng. Då er spørsmålet mitt: Kva dokumentasjon har finansministeren og regjeringa på at norske bønder driv og overgjødslar, sjølv om kunstgjødsel utgjer ein betydeleg kostnad?

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat