Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Eg skal gje statsråden rett i éin ting: Det trengst meir enn eit tre minutts svar i spørjetimen for å få meg til å vera fornøgd med regjeringas oppfølging av det lokale sjølvstyret. Eg registrerer òg at det på dei tre minutta var veldig lite konkret om kva ein har gjort. Ein ventar på at andre kommisjonar skal koma med forslag, og ein forventar at eit motseiingsprosjekt skal medføra at kommunane skal få lov til å ta fleire avgjerder. Sanninga er at kommunane veit at dei er nøydde til å forhalda seg til strenge statsforvaltarar, fylkeskommunar som kjem med motseiingar, for i det heile å få gjennom planane sine, og tidsbruken tek meir og meir tid. Eg skal gje statsråden eitt minutt til på neste spørsmål: Kva konkret har regjeringa gjort anna enn å venta på kommisjonar som gjer at det lokale sjølvstyret blir vektlagt sterkare?
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
