Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 3. des 2025

Helge André Njåstad
Helge André Njåstad
Fremskrittspartiet·Hordaland

SakMøte onsdag den 3. desember 2025 kl. 10

Innlegget

Eg trur lokalpolitikaranes dom er at det har vorte verre. Statsråden har vore lokalpolitikar i 34 år, og eg trur rimeleg sikkert at statsråden synest det var meir lokalt handlingsrom då han starta enn no. Det same kan eg seia, som begynte i 1999 i kommunestyret, at kommunane vart lytta meir til av fylkesmannen då enn dei blir av statsforvaltaren i dag. Eg skal avslutningsvis sitera ein kollega av statsråden, nemleg klimaministeren, som i Aftenposten sa at kommunane brukar det lokale sjølvstyret for mykje, og at me difor ikkje når måla. Han vart sitert på følgjande: «Uten strengere statlig styring når vi ikke målene». Han varslar då at staten skal styra strengare i strandsonen rundt Oslofjorden. Er kommunalministeren einig i at det er nødvendig, eller er det ei uttale som må stå for klima- og miljøministeren si eiga rekning, at ein no skal innskrenka det lokale sjølvstyret rundt Oslofjorden?

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat