Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 3. des 2025

Kjersti Toppe
Kjersti Toppe
Senterpartiet·Hordaland

SakMøte onsdag den 3. desember 2025 kl. 10

Innlegget

Eg vil takka for svaret, for etter å ha høyrt på iallfall tre andre spørsmål om ambulanseresponstid, er det første gongen eg høyrer statsråden seia at han er opptatt av at responstidsmåla skal nåast. Det tenkjer eg faktisk at ein helseminister bør seia, og ikkje berre forskyva dette ansvaret til dei regionale helseføretaka. Eg meiner at det er eit nasjonalt spørsmål som ligg til helseministeren og Stortinget dersom det er slik at ambulansetenesta i landet ikkje når responstidsmåla, og det veit vi: Ingen av helseføretaka når dagens responstidsmål. Svaret vi får når det gjeld betre logistikk og betre samhandling, er ikkje roande. Det er klart at når ein opplever sentralisering av ambulansetenesta i nesten alle føretak, blir det vel lengre responstid, og ikkje betre. Så igjen: Har statsråden nokon konkrete tiltak for å betra responstida i dei ulike føretaka?

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat

Kjersti Toppe (Senterpartiet) — Replikk · 3. des 2025 — OverStortinget