Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Den utgreiinga har jo ikkje vore ute, og nokon meiner at ho er veldig overdriven når det gjeld kva kostnadane vil vere. Det motsette, som statsråden da godtar, er at vi har ei helseteneste i Noreg som ikkje når kvalitetskravet om responstid. Eg må seia at det er ganske spesielt å høyra ein helseminister seia at det er veldig vanskeleg å sikra at alle som bur i Noreg, skal ha nokolunde same tilbod, for å få overleva ved ei akutt hending. Det tenkjer eg er ein verdi i helsetenesta vår. Når ein tar så lett på det som eg opplever at helseministeren gjer, synest eg faktisk det er veldig skuffande. Forskriftsfesting eller ikkje – vi må jo nå kvalitetsmåla, om det no er på Sømna eller i Oslo sentrum.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
