Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 3. des 2025

Lene Vågslid
Lene Vågslid
Arbeiderpartiet·Telemark

SakMøte onsdag den 3. desember 2025 kl. 10

Innlegget

Kvar einaste historie om ungar som har opplevd omsorgssvikt og ikkje fått den hjelpa dei treng, gjer vondt å høyre. Som fellesskap må me gjere det me kan for at dei ungane som treng oppfylging frå barnevernet, får det, og for at familiane ikkje skal kunne omgå dette ved å flytte. Då er det viktig at barnevernstenesta har tilgang til dei opplysningane dei treng. Her har det skjedd mange forbetringar både teknisk og rettsleg dei seinare åra. Alle offentlege myndigheiter har ei lovfesta plikt til å melde frå til barnevernstenesta ved alvorleg bekymring, og i fjor blei det innført ei ny varslingsplikt mellom barnevernstenester som går lenger enn den generelle meldeplikta. Bakgrunnen var at barnevernstenestene i enkelte alvorlege tilfelle ikkje hadde informert den nye kommunen til barnet om at barnet og familien hadde flytta dit. Barnevernstenesta har òg ein vid åtgang til å hente inn opplysningar, både frå andre barnevernstenester og frå andre myndigheiter, for å undersøkje omsorgssituasjonen til barnet. Det går no føre seg eit stort digitalt løft i barnevernstenestene. Mange kommunar har teke i bruk nye fagsystem som gjev moglegheiter for digital informasjonsutveksling, og som gjev betre fagleg støtte til barnevernstenestene. Det er òg laga ein nasjonal portal for digitale bekymringsmeldingar. Desse endringane gjer det mogleg for kommunane raskt og enkelt å utveksle viktig informasjon. Eg vil be Bufdir om å evaluere den støtta som blir gjeven til kommunane gjennom fagsystemet, og òg om å vurdere behovet for å gje ytterlegare informasjon eller anbefalingar til kommunane, bl.a. om varslingsplikta, informasjonsflyten i barnevernssakene og bruken av folkeregisteret. I spørsmålet er det òg vist til system for informasjonsdeling i politiet og i helsesektoren. Eg vil difor nemne at desse systema ikkje nødvendigvis kan samanliknast med dei systema me har og treng i barnevernet. Eg vil òg vise til at den rapporten me nyleg har fått om gjennomgangen av organiseringa i det statlege barnevernet, kjem med ei rekkje anbefalingar. Dei har bl.a. føreslått å etablere eit prosjekt for eit felles nasjonalt fagsystem for barnevernet. Den utgreiinga er no på høyring, og eg kjem til å vurdere alle dei forslaga, òg dette forslaget, når den høyringsfristen har gått ut. Eg vil understreke at det då òg gjeld forslaget frå det andre Stene-utvalet, om eit prosjekt for eit felles nasjonalt fagsystem for barnevernet.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat