Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
La meg understreke at det er alvorleg når familiar flyttar for å omgå barnevernet. I tillegg til at det er viktig å fylgje opp forslaget frå rapporten til Stene-utvalet, trur eg at me må gjere ganske mykje meir. Eg har som barne- og familieminister vore, og er, veldig oppteken av å styrkje tilliten til barnevernet, og av at me klarer å styrkje den viktige dialogen mellom barnevernet og familiane. Dette er jo ekte folk, ekte familiar, der ungar treng barnevernet, og difor er det så viktig at me fylgjer opp det som ligg i kvalitetsløftet, som Stortinget heldigvis slutta seg til i juni. Det handlar om dialog, betre samarbeid og betre oppfylging av den enkelte familien. Forslaget frå Stene-utvalet er på høyring. Det kjem eg til å vurdere. Så vil eg nok ein gong understreke at barnevernstenesta òg har heilt klare plikter når det gjeld å dele informasjon. Barnevernstenesta har tilgang til mykje informasjon samanlikna med andre myndigheiter i Noreg.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
