Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Først litt om formalia til saka: Ja, dette kunne vore lagt fram på ein annan måte. Det kunne vore lagt fram som eit representantforslag som me bad om å få hastebehandla. Eg synest det var ganske hensiktsmessig at det vart fremja til denne saka. Så til det formelle når det gjeld EØS-komiteen: Det føreset konsensus om forslaget. Det er kanskje for seint å trekkja det frå lista til møtet, men ein må jo tru at eit møte i EØS-komiteen er eit reelt møte, der det sjølvsagt går an å seia at me må koma tilbake til denne saka. For her er det ikkje ein diskusjon om for eller mot eit veto til dette direktivet. Eg er einig med representanten Støstad i at norsk mat skal vera minst like trygg som mat i EU. Det er òg viktig å seia at ingenting tyder på at det er farleg å eta løk produsert i Noreg. Det denne saka handlar om, er at når ein gjennomfører avbøtande tiltak og andre ting, hender det nokre gonger at ein kanskje kjem over grenseverdiane, og då er det eit spørsmål om risikoavlasting for det. Viss den enkelte produsent skal bera den risikoen sjølv, vil ein ikkje våga å setja denne løken på våren. Dette er avgjerder som ein tek rundt på norske gardsbruk no, så når landbruksministeren seier at dette kan handterast i jordbruksforhandlingane, er jo det for seint. Men det er det mogleg å gjera viss ein får eitt års utsetjing, sånn som fleirtalet har føreslått. Då kan ein ta det opp der. Så må eg seia at eg vart litt glad då landbruksministeren kom joggande ned til Stortinget. Eg veit at han er glad i å jogga, og eg veit at han er glad i å vera i Stortinget, men eg vart litt overraska då eg høyrde kor lite møte det hadde vore om denne saka i forkant av dette. For det er ingen tvil om at det vert store konsekvensar viss ein no gjennomfører dette utan å ha hatt ein konkret dialog med næringa: Korleis kan me utforma ulike ordningar som avlastar risikoen? Det er det som må skje når ein har fått denne utsetjinga på plass. Så får ein ta vurderinga av fordelar og ulemper med å ha andre grenseverdiar enn dei EU har. Er det andre land som har fått tilpassingar fordi dei har spesielle forhold? Alt dette er relevant. I den tida som Senterpartiet sat i regjering, hadde me ein veldig klar tanke om at dette ikkje skulle gjennomførast før det var på plass skikkelege ordningar som ivaretok bøndene, som ivaretok norsk matberedskap og norsk matproduksjon. Det viste me i andre saker, og det ville me gjort i denne, men det har etter regjeringsskiftet ikkje vorte gjort i denne saka. Difor treng me utsetjinga.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
