Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Først vil eg takka interpellanten for å løfta dette viktige temaet. Som interpellanten nemnde, stranda denne gåsenebbkvalen på Sotra i 2017. Han var på jakt etter maneter og kom inn i Øygarden. Då han vart obdusert, fann dei noko heilt anna enn mat i magen. Han var stappfull av plastposar. Dette vart eit globalt symbol på marin forsøpling, men òg ei brutal påminning om kva som skjer når plasten i havet hamnar i naturen og i dyra som lever der. Plasten forsvinn ikkje, han blir broten ned til mikroplast, som spreier seg i havet, i fisk og i skaldyr, og han endar til slutt på tallerkenen vår. Når plastforureininga aukar, aukar òg risikoen for at me får plast inn i vår eigen kropp gjennom maten me et. Havet er det største matfatet vårt, og det er i ferd med å bli forureina. Heldigvis har me gode forskingsarenaer i Noreg, som f.eks. NORCE, som forskar på nettopp utfordringa med mikroplast. Då komiteen var på reise til India, var det ei sjokkerande oppleving. Me såg elver og kystområde fulle av plast. Underteikna trudde ikkje at me hadde same utfordringa i Noreg, men det har me. Langs heile kysten vår finnest det viker og berg som er fulle av plast. Det er ei stille krise, som me må ta på høgste alvor. Dette er eit globalt problem. Plast er ei handelsvare med lange verdikjeder, og Noreg kan ikkje løysa det aleine. Me må samarbeida med andre land, næringslivet og sivilsamfunnet. Det er mykje som blir gjort, men me kan gjera så mykje meir, f.eks. fremja berekraftig plastprodukt og bruk, redusera mengda plastavfall som ikkje blir gjenvunne og ikkje minst hindra at plast hamnar på avvegar. Noreg har høge mål for gjenvinning og forbod mot enkelte eingongsartiklar. Produsentansvar blir utvikla, og EU har varsla nye krav om resirkulert plast i produkt. Havet er livsviktig. Det gjev oss halvparten av planetens oksygen, absorberer 30 pst. av CO2-utslippa og er jordas største karbonlager. Om me lèt plastproblematikken veksa, set me dette i fare og matfatet vårt med det. Midt i alt dette har me fått eit sterkt symbol inn på Stortinget – vandrekvalen. Han minner oss om kampen om plast i havet, at det er vår felles oppgåve å løysa – for natur, for klima og for den framtidige maten vår. Eg vil retta ein stor takk til Stiftelsen Framtidshavet og Kenneth Bruvik for å halda dette engasjementet oppe og kunnskapen levande. Arbeidet deira utgjer ein forskjell. Og mykje av det me gjer i Noreg, verkar. Eg har sjølv vore heldig og fått delta på nokre av desse ryddeaksjonane. Det ein ser i dag, er at ein ikkje lenger finn eingongsartiklar i strandsona. Ein finn ikkje eingongssugerøyr, ein finn ikkje q-tips, ein finn ikkje bruskorkar. Politikk verkar.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
