Linda Monsen Merkesdal

Linda Monsen Merkesdal

Arbeiderpartiet·Hordaland·Energi- og miljøkomiteen
RSS

Rangering

#93

av 157

31

Mer aktiv enn 41 % av de faste representantene.

Totalscore

31

Oppmøte

77.1%

Spørsmål

1

Taler

14

Forslag

3

Slik leser du tallene

Linda Monsen Merkesdal er nummer 93 av 157 faste representanter på aktivitetsrangeringen — mer aktiv enn 41 % av de faste representantene. Rangeringen er et vektet snitt av fem mål fra Stortingets åpne data: møtte til 77.1 % av voteringene, stilte 1 skriftlige spørsmål, holdt 14 innlegg i salen og fremmet 3 forslag i inneværende periode.

Tallene oppdateres jevnlig fra data.stortinget.no. Høy aktivitet er ikke det samme som godt politisk arbeid — det er ett mål, ikke en fasit.

Fra salen

4 nyeste med opptak

18. jun 2026· Innlegg

Møte torsdag den 18. juni 2026 kl. 10

Eg har gledd meg til denne dagen skulle koma og eg kunne halda dette innlegget, for nokon av dei sterkaste inntrykka eg har fått, har vore når Vestland Bondelag har teke meg med på besøk ut på gardane, og vist meg kva utfordringar dei unge bøndene står i. Det gjorde spesielt inntrykk då eg kom på besøk i Omvikdalen i Kvinnherad og møtte eit ungt par med eit barn på armen som skulle overta generasjonsgarden, men det gjekk rett og slett ikkje. Velferdsordningane var på ingen måte lagt opp til at desse unge bøndene kunne ta fødselspermisjon, vera heime med ungane sine når ungane var sjuke, eller ha sjukdom sjølv, for det å ha avløysarar gjekk ut over Nav-ordningane, og systema snakka ikkje saman. Eg kjenner ei stor glede for dei unge bøndene – og sjølvsagt dei andre bøndene som har utfordringar på andre måtar – når denne samordninga er komen på plass. Det er for meg underleg at Høgre og Framstegspartiet stemmer imot dette. Dette er jo det som er med på å gje valfridom til dei unge bøndene. Det gjev oss eit godt grunnlag for at dei unge bøndene skal kunna få fleire barn, at dei skal kunna dyrka maten sin, og at me skal ha eit levande landbruk i heile landet. Når ein kjem køyrande til f.eks. Vestlandet og ser det flotte naturlandskapet, som er halde i hevd av bøndene våre og av fruktdyrkarane våre, som me òg no legg betre til rette for at skal kunna driva med næringa si, må eg igjen presisera at det er utruleg merkeleg at Høgre og FrP stemmer imot dette. Når me snakkar om beredskap og matberedskap, kven er det då som skal stå i front og sørgja for at denne beredskapen blir ivaretatt? Jo, nettopp dei unge bøndene som skal driva gardsbruka og få opp matproduksjonen. Det er på den måten me no skal sørgja for at me byggjer eit sterkare Noreg, med landbruk i heile landet, med plass til både å leva livet sitt, driva gardsbruk og ha eit arbeid.

9. jun 2026· Innlegg

Innstilling fra energi- og miljøkomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Frøya Skjold Sjursæther, Marius Langballe Dalin, Julie E. Stuestøl, Siren Julianne Jensen og Oda Indgaard om solkraft på tak og grå arealer (Innst. 396 S (2025–2026), jf. Dokument 8:260 S (2025–2026))

Noreg treng meir kraft, og sjølv om solenergi ikkje vil vera heile løysinga, vil det vera eit viktig bidrag i kraftsystemet som treng meir produksjon og meir lokal verdiskaping. Difor er det positivt at Stortinget no har sett seg eit mål om 8 TWh ny solenergi innan 2030. Norsk solcelleindustri har hatt ei krevjande tid. Det har vore ei endring i marknaden, og høge kostnader har treft hardt. Regjeringa har gjennom Enova og Husbanken styrkt støtteordningane. Frå 2022–2025 blei det gjeve over 1 mrd. kr til installasjon av solcelleanlegg. Nye delingsordningar gjer det mogleg å dela eigenprodusert straum frå både eigedomar og næringsområde. No kan hushaldningane selja overskotskraft skattefritt for opp til 15 000 kr i året. Det har noko å seia. Regjeringa har forenkla regelverket sånn at det blir mindre byråkrati for å få solkraft under 10 MW. NVE har peika på at målet om 8 TWh solkraft innan 2030 må ein i stor grad oppnå gjennom solkraft på tak, fasadar, bustader og næringsbygg. Det er nettopp det potensialet som er størst, og det er det mest miljøvenlege arealet å byggja på. Dette er ofte areal som allereie er bygd ned. Utviklinga går i riktig retning. Berre på fem år har det blitt installert solkraft i Noreg med ein auke frå nær 100 MW til 900 MW. Det viser at når me legg til rette for utbygging, kjem resultatet. Når me kan produsera meir straum på tak av industribygg, utan å koma i konflikt med natur og naboar, bør ikkje byråkratiet vera det som stoppar det. Arbeidarpartiet skal leggja til rette for meir energi.

9. jun 2026· Innlegg

Innstilling fra energi- og miljøkomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Nikolai Astrup, Aleksander Stokkebø og Kari Sofie Bjørnsen om kvalitetssikring av støtte til flytende havvind (Innst. 401 S (2025–2026), jf. Dokument 8:213 S (2025–2026))

Når ein lyttar til Høgre i denne debatten, kan det høyrest ut som at desse synspunkta er noko Arbeidarpartiet står aleine om. Slik er det på ingen måte. I denne debatten er Arbeidarpartiet meiningsberarar for ein heil bransje, for organisasjonslivet og for arbeidsplassar langs kysten. Dette er ikkje noko Arbeidarpartiet har sete og kokkelert saman nede på kontoret; det er gjort i kontakt med næringslivet langs heile kysten. I representanten Astrups innlegg er han berre med på å forsterka mitt poeng med at ein av to menn tenkjer at dei kan styra eit fly utan kunnskap. Representanten Spets seier at han er for og støttar forslaget frå bl.a. Høgre. Då må eg stilla spørsmålet: Er Framstegspartiet blitt for å auka byråkratiet? Det er litt sjølvmotseiande at FrP skal støtta eit forslag om å undersøkja subsidiane. For meg verkar det litt sjølvmotseiande, men så er òg Framstegspartiet eit parti som har bygd politikken sin på misnøye i samfunnet, og ikkje på moglegheiter. Me veit jo at er det noko havvindnæringa kan gje oss no, er det moglegheiter. Det har vore løfta av fleire representantar frå Arbeidarpartiet frå denne talarstolen. Eg skal vera grei og ikkje nemna representantar frå mitt eige fylke som sikkert har vondt i dag på grunn av Høgres politikk, men eg kan igjen nemna f.eks. Aibel på Ågotnes, Aker Solutions på Stord, Wergeland Group i Sløvågen og DOF på Austevoll, som er leverandørar og produsentar av komponentar til havvindmøller, som er viktige næringar for oss. Eg stiller meg òg spørjande til det representanten frå Raudt seier om at undersøkingar viser at folk er imot, for BOW på Universitetet i Bergen og Offshore Norge viser til at det er ei overvekt av folk som støttar havvindnæringa.

9. jun 2026· Innlegg

Innstilling fra energi- og miljøkomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Nikolai Astrup, Aleksander Stokkebø og Kari Sofie Bjørnsen om kvalitetssikring av støtte til flytende havvind (Innst. 401 S (2025–2026), jf. Dokument 8:213 S (2025–2026))

Ei undersøking viser at ein av to menn trur dei kunne ha landa eit fly dersom piloten skulle svima av. Kva kategori trur presidenten at representantane Astrup og Stokkebø er i? Ut frå dette forslaget har eg god grunn til å tru at representantane er blant dei som meiner dei hadde teke plass i cockpiten. Kvifor seier eg dette? Jo, fordi representantane Astrup og Stokkebø tilsynelatande meiner at dei veit betre enn Equinor, LO, NHO, Forbundet Styrke, næringsråda og sine eigne ordførarar langs heile vestlandskysten, og dei veit betre enn det nasjonale kompetansesenteret for havvind. Alle desse aktørane åtvarar mot konsekvensane, men representantane frå Høgre meiner dei tek feil. Alle andre enn Stokkebø og Astrup tek feil. Eg er ikkje overraska over FrP. Dei er jo ikkje for klimatiltak, og dei lever i ein draum om ein ny oljeskattepakke – som ingen andre i bransjen har etterspurt. Dei er ikkje for noko prosjekt som kuttar i klimagassutslepp. Det er underhaldande når FrP vil ha ein oljeskattepakke der staten skal ta den største risikoen, men ikkje til havvind, som vil gje investeringar i ny kompetanse og omsette for 60 mrd. kr i 2024. Høgre og Framstegspartiet har gjentekne gonger kritisert regjeringa for for lite framdrift i kraftsaker og for mykje byråkrati, som dei gjorde i sak nr. 1, men i denne saka føreslår dei tiltak som vil skapa meir usikkerheit, meir byråkrati og ytterlegare forseinkingar. Er dette dagen for dei store sjølvmotseiingane? Konsekvensane er dramatiske for ei heilt næring. Eg trur det er lett å sitja i Oslo og fatta vedtak når skatteinntektene kjem frå verdiskapinga på Vestlandet, frå arbeidsplassar ved Aker Stord, kompetanse frå Ågotnes og Austevoll og frå industrien som er bygd opp frå olje og gass gjennom generasjonar. Mitt spørsmål er: Korleis blir det opplevd for Høgre å få fleirtal saman med partia som vil skrota havvindnæringa? Mitt spørsmål til presidenten er: Hadde du sett deg inn på flyet om det var representantane Astrup og Stokkebø som sat i pilotsetet?

Innlegg i salen

54 innlegg · 29 møter

Vis →
  • 18. jun 202614:43· Innlegg

    Møte torsdag den 18. juni 2026 kl. 10

    Eg har gledd meg til denne dagen skulle koma og eg kunne halda dette innlegget, for nokon av dei sterkaste inntrykka eg har fått, har vore når Vestland Bondelag har teke meg med på besøk ut på gardane, og vist meg kva utfordringar dei unge bøndene står i. Det gjorde spesielt inntrykk då eg kom på besøk i Omvikdalen i Kvinnherad og møtte eit ungt par med eit barn på armen som skulle overta generasjonsgarden, men det gjekk rett og slett ikkje. Velferdsordningane var på ingen måte lagt opp til at desse unge bøndene kunne ta fødselspermisjon, vera heime med ungane sine når ungane var sjuke, eller ha sjukdom sjølv, for det å ha avløysarar gjekk ut over Nav-ordningane, og systema snakka ikkje saman. Eg kjenner ei stor glede for dei unge bøndene – og sjølvsagt dei andre bøndene som har utfordringar på andre måtar – når denne samordninga er komen på plass. Det er for meg underleg at Høgre og Framstegspartiet stemmer imot dette. Dette er jo det som er med på å gje valfridom til dei unge bøndene. Det gjev oss eit godt grunnlag for at dei unge bøndene skal kunna få fleire barn, at dei skal kunna dyrka maten sin, og at me skal ha eit levande landbruk i heile landet. Når ein kjem køyrande til f.eks. Vestlandet og ser det flotte naturlandskapet, som er halde i hevd av bøndene våre og av fruktdyrkarane våre, som me òg no legg betre til rette for at skal kunna driva med næringa si, må eg igjen presisera at det er utruleg merkeleg at Høgre og FrP stemmer imot dette. Når me snakkar om beredskap og matberedskap, kven er det då som skal stå i front og sørgja for at denne beredskapen blir ivaretatt? Jo, nettopp dei unge bøndene som skal driva gardsbruka og få opp matproduksjonen. Det er på den måten me no skal sørgja for at me byggjer eit sterkare Noreg, med landbruk i heile landet, med plass til både å leva livet sitt, driva gardsbruk og ha eit arbeid.

  • 9. jun 202613:47· Innlegg

    Innstilling fra energi- og miljøkomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Frøya Skjold Sjursæther, Marius Langballe Dalin, Julie E. Stuestøl, Siren Julianne Jensen og Oda Indgaard om solkraft på tak og grå arealer (Innst. 396 S (2025–2026), jf. Dokument 8:260 S (2025–2026))

    Noreg treng meir kraft, og sjølv om solenergi ikkje vil vera heile løysinga, vil det vera eit viktig bidrag i kraftsystemet som treng meir produksjon og meir lokal verdiskaping. Difor er det positivt at Stortinget no har sett seg eit mål om 8 TWh ny solenergi innan 2030. Norsk solcelleindustri har hatt ei krevjande tid. Det har vore ei endring i marknaden, og høge kostnader har treft hardt. Regjeringa har gjennom Enova og Husbanken styrkt støtteordningane. Frå 2022–2025 blei det gjeve over 1 mrd. kr til installasjon av solcelleanlegg. Nye delingsordningar gjer det mogleg å dela eigenprodusert straum frå både eigedomar og næringsområde. No kan hushaldningane selja overskotskraft skattefritt for opp til 15 000 kr i året. Det har noko å seia. Regjeringa har forenkla regelverket sånn at det blir mindre byråkrati for å få solkraft under 10 MW. NVE har peika på at målet om 8 TWh solkraft innan 2030 må ein i stor grad oppnå gjennom solkraft på tak, fasadar, bustader og næringsbygg. Det er nettopp det potensialet som er størst, og det er det mest miljøvenlege arealet å byggja på. Dette er ofte areal som allereie er bygd ned. Utviklinga går i riktig retning. Berre på fem år har det blitt installert solkraft i Noreg med ein auke frå nær 100 MW til 900 MW. Det viser at når me legg til rette for utbygging, kjem resultatet. Når me kan produsera meir straum på tak av industribygg, utan å koma i konflikt med natur og naboar, bør ikkje byråkratiet vera det som stoppar det. Arbeidarpartiet skal leggja til rette for meir energi.

  • 9. jun 202612:43· Innlegg

    Innstilling fra energi- og miljøkomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Nikolai Astrup, Aleksander Stokkebø og Kari Sofie Bjørnsen om kvalitetssikring av støtte til flytende havvind (Innst. 401 S (2025–2026), jf. Dokument 8:213 S (2025–2026))

    Når ein lyttar til Høgre i denne debatten, kan det høyrest ut som at desse synspunkta er noko Arbeidarpartiet står aleine om. Slik er det på ingen måte. I denne debatten er Arbeidarpartiet meiningsberarar for ein heil bransje, for organisasjonslivet og for arbeidsplassar langs kysten. Dette er ikkje noko Arbeidarpartiet har sete og kokkelert saman nede på kontoret; det er gjort i kontakt med næringslivet langs heile kysten. I representanten Astrups innlegg er han berre med på å forsterka mitt poeng med at ein av to menn tenkjer at dei kan styra eit fly utan kunnskap. Representanten Spets seier at han er for og støttar forslaget frå bl.a. Høgre. Då må eg stilla spørsmålet: Er Framstegspartiet blitt for å auka byråkratiet? Det er litt sjølvmotseiande at FrP skal støtta eit forslag om å undersøkja subsidiane. For meg verkar det litt sjølvmotseiande, men så er òg Framstegspartiet eit parti som har bygd politikken sin på misnøye i samfunnet, og ikkje på moglegheiter. Me veit jo at er det noko havvindnæringa kan gje oss no, er det moglegheiter. Det har vore løfta av fleire representantar frå Arbeidarpartiet frå denne talarstolen. Eg skal vera grei og ikkje nemna representantar frå mitt eige fylke som sikkert har vondt i dag på grunn av Høgres politikk, men eg kan igjen nemna f.eks. Aibel på Ågotnes, Aker Solutions på Stord, Wergeland Group i Sløvågen og DOF på Austevoll, som er leverandørar og produsentar av komponentar til havvindmøller, som er viktige næringar for oss. Eg stiller meg òg spørjande til det representanten frå Raudt seier om at undersøkingar viser at folk er imot, for BOW på Universitetet i Bergen og Offshore Norge viser til at det er ei overvekt av folk som støttar havvindnæringa.

  • 9. jun 202611:48· Innlegg

    Innstilling fra energi- og miljøkomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Nikolai Astrup, Aleksander Stokkebø og Kari Sofie Bjørnsen om kvalitetssikring av støtte til flytende havvind (Innst. 401 S (2025–2026), jf. Dokument 8:213 S (2025–2026))

    Ei undersøking viser at ein av to menn trur dei kunne ha landa eit fly dersom piloten skulle svima av. Kva kategori trur presidenten at representantane Astrup og Stokkebø er i? Ut frå dette forslaget har eg god grunn til å tru at representantane er blant dei som meiner dei hadde teke plass i cockpiten. Kvifor seier eg dette? Jo, fordi representantane Astrup og Stokkebø tilsynelatande meiner at dei veit betre enn Equinor, LO, NHO, Forbundet Styrke, næringsråda og sine eigne ordførarar langs heile vestlandskysten, og dei veit betre enn det nasjonale kompetansesenteret for havvind. Alle desse aktørane åtvarar mot konsekvensane, men representantane frå Høgre meiner dei tek feil. Alle andre enn Stokkebø og Astrup tek feil. Eg er ikkje overraska over FrP. Dei er jo ikkje for klimatiltak, og dei lever i ein draum om ein ny oljeskattepakke – som ingen andre i bransjen har etterspurt. Dei er ikkje for noko prosjekt som kuttar i klimagassutslepp. Det er underhaldande når FrP vil ha ein oljeskattepakke der staten skal ta den største risikoen, men ikkje til havvind, som vil gje investeringar i ny kompetanse og omsette for 60 mrd. kr i 2024. Høgre og Framstegspartiet har gjentekne gonger kritisert regjeringa for for lite framdrift i kraftsaker og for mykje byråkrati, som dei gjorde i sak nr. 1, men i denne saka føreslår dei tiltak som vil skapa meir usikkerheit, meir byråkrati og ytterlegare forseinkingar. Er dette dagen for dei store sjølvmotseiingane? Konsekvensane er dramatiske for ei heilt næring. Eg trur det er lett å sitja i Oslo og fatta vedtak når skatteinntektene kjem frå verdiskapinga på Vestlandet, frå arbeidsplassar ved Aker Stord, kompetanse frå Ågotnes og Austevoll og frå industrien som er bygd opp frå olje og gass gjennom generasjonar. Mitt spørsmål er: Korleis blir det opplevd for Høgre å få fleirtal saman med partia som vil skrota havvindnæringa? Mitt spørsmål til presidenten er: Hadde du sett deg inn på flyet om det var representantane Astrup og Stokkebø som sat i pilotsetet?

  • 8. jun 202613:37· Innlegg

    Innstilling fra energi- og miljøkomiteen om Lov om justering av karbonpris ved import av varer til EØS (CBAM-loven) (Innst. 389 L (2025–2026), jf. Prop. 60 LS (2025–2026))

    Dette er ei viktig sak for norsk industri. Skal me lykkast med å kutta utslepp, må me samtidig sikra rettferdige konkurransevilkår. Utan tiltak mot karbonlekkasje risikerer me at utsleppa blir flytta ut av Europa, utan at dei faktisk går ned globalt. CBAM er nettopp svaret på dette. Ordninga bidreg til at importerte varer i større grad møter same karbonkostnader som varer produserte innanfor EØS. Det er avgjerande når dei vederlagsfrie kvotene i kvotesystemet gradvis blir fasa ut. For Arbeidarpartiet er det viktig at norsk industri ikkje blir ståande svakare enn europeiske konkurrentar. Difor hastar det litt med å få på plass dette regelverket, som gjer at me kan innføra CBAM i takt med EU. Samtidig er det viktig å understreka at dette er eit komplekst og teknisk regelverk. Nettopp difor er det behov for ein eigen lov og for tydelege heimlar til å fastsetja nødvendige forskrifter. Det sikrar ei ordning som kan fungera i praksis, og at Noreg kan oppfylla sine forpliktingar på ein god måte. Me merkar oss at det er brei oppslutting om CBAM i norsk industri. Det gjev eit godt utgangspunkt for gjennomføringa. Samtidig er det viktig med tett dialog med næringslivet og god rettleiing frå myndigheitene framover. Dette er ikkje berre eit klimatiltak, det er òg eit grep for å sikra ei rettferdig omstilling. CBAM skal bidra til at utsleppskutta skjer der dei faktisk monnar, samtidig som det gjev insentiv til reinare produkt også utanfor Europa. Arbeidarpartiet er glad for at me avsluttar denne debatten med ei stor einigheit i denne saka, sjølv om nokon av partia er ueinige om problembeskrivinga for kva me skal løysa.

  • 8. jun 202613:20· Innlegg

    Innstilling fra energi- og miljøkomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Siv Sætran, Ole Herman Sveian og Geir Pollestad om en stortingsbehandling av sentrale vilkår for klimapolitikken i skog- og arealbrukssektoren (Innst. 380 S (2025–2026), jf. Dokument 8:257 S (2025–2026))

    La meg starta med å gratulera representanten Sjursæther med 20-årsdagen i dag. Det er veldig triveleg at representanten vil vera saman med oss og feira 20-årsdagen med gode debattar i denne salen. Så: Arbeidarpartiet støttar ikkje forslaget om å be regjeringa leggja fram ei eiga sak om val av berekningsmetode for addisjonelle utslepp og opptak frå skog- og arealbrukssektoren no. La meg vera tydeleg: Skogen spelar ei viktig rolle i norsk klimapolitikk. Opptaket i skog er stort, og det skal me ta med oss. Samtidig må ikkje det bli ei erstatning for nødvendige utsleppskutt i andre sektorar. Klimamåla våre skal stå for seg, og dei skal vera truverdige. Difor har Stortinget allereie lagt til grunn at det berre er addisjonelle opptak og utslepp som skal telja med i måla mot 2030 og 2035. Det er viktige prinsipp. Når det gjeld sjølve berekningsmetoden, er vurderinga frå Arbeidarpartiet at dette først og fremst er eit fagleg og teknisk spørsmål som må utviklast i tråd med regelverket under Parisavtalen. Handlingsrommet vårt er ikkje uavgrensa, det blir stilt krav til openheit, samanliknbarheit og etterprøvbarheit i korleis land rapporterer utslepp og opptak. Me er einig i at det er viktig å få avklart metoden. Det arbeidet er allereie i gang, og Støre-regjeringa er tydeleg på at dette skal vera på plass så raskt som mogleg. Men Arbeidarpartiet meiner at det ikkje er nødvendig med ei eiga stortingsmelding om dette akkurat no.

  • 8. jun 202612:17· Innlegg

    Innstilling fra energi- og miljøkomiteen om Endringer i klimakvoteloven og forurensningsloven (utvidet virkeområde) (Innst. 365 L (2025–2026), jf. Prop. 82 L (2025–2026))

    Arbeidarpartiet støttar forslaga i Prop. 82 L for 2025–2026, «Endringer i forurensningsloven og klimakvoteloven». Bakgrunnen er enkel, men viktig. Det internasjonale regelverket utviklar seg. Då må også norsk lovgjeving henga med. Me skal oppfylla forpliktingane våre, og me skal gjera det på ein ryddig, tydeleg og føreseieleg måte. Dette handlar om å utvikla verkeområda til forureiningsloven. Me treng ein klar heimel for å regulera aktivitet som dumping, plassering av materiale og marine geoingeniørtiltak, også utanfor norske territorialfarvatn og økonomiske soner. Interessa for slike tiltak er aukande internasjonalt, og Noreg skal vera ein ansvarleg havnasjon med gode reglar som beskyttar miljøet. Dette forslaget legg til rette for at me kan følgja opp EUs klimakvoteregelverk når det gjeld transport av CO2 for lagring. Dette er ein heilt sentral del av karbonfangst og -lagring. Me veit at transport av CO2 til Noreg vil auka i åra som kjem, og då må regelverket vera på plass. I dag har me ikkje tilstrekkeleg klart juridisk grunnlag, og det rettar me opp i no. For Arbeidarpartiet er det viktig fordi det bidrar til eit meir heilskapleg og framtidsretta regelverk. Det gjer det meir føreseieleg for næringslivet, samtidig som det styrkjer arbeidet med utsleppskutt og ansvarleg miljøforvalting. Det er også verdt å understreka at dette i hovudsak handlar om å etablera heimlar – ikkje om å innføra nye, konkrete krav her og no, men at eit tydeleg lovgrunnlag for nødvendige tiltak blir gjennomført, noko som før har vore vanskeleg og uoversiktleg. Dette er god og nødvendig lovgjeving. Det er målretta, og det gjer oss betre rusta til å møta både klimautfordringane våre og dei internasjonale forpliktingane våre.

  • 8. jun 202612:04· Innlegg

    Innstilling fra energi- og miljøkomiteen om Endringer i bærekraftige produkter-loven (hjemmel for bærekrafts- og utslippsreduksjonskriterier i EUs fornybardirektiv) (Innst. 338 L (2025–2026), jf. Prop. 67 L (2025–2026))

    La meg først understreka at denne lovproposisjonen, 67 L for 2025–2026, ikkje handlar om å innføra nye krav i dag. Det me gjer, er å gje eit tydeleg og hensiktsmessig lovgrunnlag for å kunne gjennomføra berekraftskriteria i fornybardirektivet, jf. II, på ein god måte. Etter at Stortinget samtykkjer til å innlemma direktivet i EØS-avtalen, er det nødvendig at me òg sørgjer for at norsk regelverk er rigga for oppfølging. Det er nettopp det dette forslaget handlar om, å ta nødvendige tekniske steg for at gjennomføringa skal vera mogleg. Samtidig er dette meir enn berre teknikk, det handlar også om kvaliteten i regelverket vårt. Berekraftskriteria for alternative brensel har utvikla seg betydeleg over tid og omfattar no langt fleire område enn tidlegare. Då er det naturleg at heimelen blir plassert i ei lov som er betre tilpassa dette føremålet. Ved å samla heimelen i berekraftige produkt-lova får me eit meir oversiktleg, heilskapleg og brukarvenleg regelverk. Det gjer det enklare for næringslivet å forstå og etterleva krava, og det gjev det meir føreseieleg for aktørane som skal gjennomføra omstillingane i praksis. For Arbeidarpartiet er dette viktig, for me skal kutta utslepp, men me skal òg sørgja for ryddige rammevilkår og god gjennomføring. Klare lovheimlar er ein føresetnad for begge delar. Eg vil òg understreka at den vidare oppfølginga vil skje gjennom forskrifter som blir sende på offentleg høyring, der aktørar dette vedkjem, får anledning til å bidra. Det sikrar både fagleg kvalitet og openheit i prosessane. Dette er difor eit godt og nødvendig forslag som legg til rette for meir effektiv oppfølging av klimaforpliktingane våre. I forhold til føregåande sak er eg glad for at me har eit breitt politisk fleirtal her.

  • 21. mai 202618:02· Innlegg

    Innstilling fra energi- og miljøkomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Geir Pollestad og Trygve Slagsvold Vedum om beredskapslagring av diesel og flybensin (Innst. 295 S (2025–2026), jf. Dokument 8:178 S (2025–2026))

    Eg vil òg takka for arbeidet med denne saka. Det er ei brei einigheit i denne salen om ein ting: at forsyningssikkerheita for drivstoff er avgjerande for nasjonal beredskap. Det gjeld forsvar, nødetatane, transport og heilt grunnleggjande funksjonar i samfunnet vårt. Det er ikkje nødvendigvis målet det er ueinigheit om, men kanskje heller vegen til målet. La meg vera tydeleg på at Arbeidarpartiet ser denne utfordringa og tek ho på største alvor. Nettopp difor meiner me at beredskapen må styrkjast på ein måte som er mogleg å gjennomføra, kostnadseffektiv og faktisk gjer oss meir robuste, ikkje berre på papiret. Fleirtalet i komiteen peikar på noko heilt grunnleggjande. Me må auka ambisjonane for lagerkapasitet, men me må gjera det på eit kunnskapsbasert grunnlag. Difor støttar me å greia ut nivå på 61 til 90 dagar og koma tilbake til Stortinget med ei heilskapleg vurdering. Dette er ansvarleg politikk. Noreg er ein annan situasjon enn mange andre land det blir samanlikna med. Me er nettoeksportør av olje og har ein annan forsyningsstruktur enn f.eks. Sverige og Finland. Me må unngå utilsikta konsekvensar, og næringa sjølv har peikt på at det kan føra til høge prisar for folk og næringslivet og i verste fall svekkja den samla beredskapen ved at aktørar blir trekt ut av marknaden. Det betyr ikkje at me skal sitta stille. Tvert imot: Regjeringa er allereie godt i gang med å tilpassa beredskapen til eit meir alvorleg trusselbilde. Arbeidet byggjer bl.a. på analysar frå Forsvarets forskingsinstitutt, som peikar på behov for å styrkja lagerkapasiteten betre, meir regional fordeling og meir robust infrastruktur. Det er òg heilt sentralt, som fleirtalet og statsråden peikar på, at me ser beredskapen i samanheng – lagerkapasitet, produksjon i Noreg, samarbeid med næringslivet og tettare samarbeid med våre naboland. Difor samlar Stortinget seg om konkrete og viktige vedtak, om dialog med naboland, vurdering av nasjonal produksjon og auka ambisjon for lagerkapasitet.

  • 21. mai 202617:41· Innlegg

    Innstilling fra energi- og miljøkomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Ingrid Fiskaa, Kirsti Bergstø, Audun Hammer Hovda, Lars Haltbrekken, Marthe Hammer og Marian Hussein om å bygge infrastruktur for transport og lagring av CO2 – Kortskip (Innst. 282 S (2025–2026), jf. Dokument 8:196 S (2025–2026))

    La meg starta med å understreka at forslagsstillarane tek opp ei viktig problemstilling. CO2-handtering er avgjerande dersom me skal lykkast med å kutta utslepp frå industrien. For mange verksemder finst det i dag få eller ingen andre alternativ. Noreg har lang erfaring med dette. Med Langskip har me vist at storskala CO2-handtering er mogleg, og at det kan gjennomførast trygt. Samtidig må me vera ærlege: Dette er framleis kostbart. Difor må staten spela ei aktiv rolle. Nettopp difor har regjeringa sett i gang heilt konkrete tiltak, som gjennom Enova, der ein har utvikla støtteordning. Me har òg utvikla ordningar for negativt utslepp, og me byggjer ut infrastruktur trinnvis der det faktisk er aktiv industri. Industrien treng føreseielegheit. Dei treng verkemiddel som reduserer risikoen og gjer investeringar moglege. Det er nettopp difor det er så vanskeleg å forstå politikken til Framstegspartiet. Dei snakkar om stabile rammevilkår og behovet for tempo i CO2-handtering, men samtidig har dei valt å kutta Northern Lights i Øygarden, det viktigaste lagringsprosjektet me har, og sjølve føresetnaden for at fangstprosjekt skal kunne realiserast. Akkurat no skal det over i fase to, men som eg sa: FrP har kutta det i sitt alternative budsjett. Det heng ikkje saman. Utan lagring, ingen fangst. Utan fangst, ingen utsleppskutt. Når staten trekkjer seg tilbake i så avgjerande fasar, vil det skapa usikkerheit, ikkje føreseielegheit. Det rammar ikkje berre klimaarbeid. Det rammar òg norsk leverandørindustri. Dette prosjektet er faktisk bygd på kompetanse, arbeidsplassar og nye marknader. Leverandørindustrien investerer ikkje i uføreseielegheit. Me har fått kjenna på dei siste vekene at leverandørindustrien er usikker på kva det norske storting meiner. Der kan FrP retta ryggen og visa at òg andre næringar enn oljeindustrien treng subsidiar for å bli nye næringar.

  • 21. mai 202617:13· Innlegg

    Innstilling fra energi- og miljøkomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Tor Mikkel Wara, Morten Stordalen, Kristoffer Sivertsen, Erlend Wiborg, Bjørn Larsen og Rikard Spets om å tilrettelegge for kjernekraft i Norge (Innst. 278 S (2025–2026), jf. Dokument 8:191 S (2025–2026))

    Noreg treng meir kraft. Skal me lykkast med å skapa nye arbeidsplassar, kutta utslepp og utvikla industrien vidare, må vi ha ein energipolitikk som er seriøs, langsiktig og ansvarleg. Det er difor Arbeidarpartiet meiner at debatten om kjernekraft må handla om fakta, faglegheit og føreseielegheit, ikkje berre politiske overskrifter og raske poeng. Det er ein ting som bekymrar oss med Framstegspartiets linje i energipolitikken. Dei skiftar standpunkt kvar gong det blir krevjande. FrP var imot vind på land då konflikten kom. Så snudde dei og blei imot. FrP var for havvind, men når prosjekta blei krevjande og investeringane og det politiske ansvaret låg der, så snudde dei igjen. I dag er dei imot dei to største havvindprosjekta i Noreg. No seier FrP at dei er for kjernekraft, men spørsmålet er: Kor truverdig er eigentleg det? Det er lett å vera for noko så lenge det ikkje er ein realitet. Det er mykje vanskelegare å stå i det når verkelegheita kjem, når dei første konsesjonssøknadene skal behandlast, når kommunar blir berørte, når naturinngrep skal diskuterast, når nettilkoplinga skal byggjast, når dei vanskelege avvegingane skal takast. Då fryktar eg at FrP kjem til å gjera det dei har gjort før – å trekkja seg unna når ansvaret blir krevjande. Arbeidarpartiet meiner at kjernekraft ikkje er eit område for symbolpolitikk. Viss kjernekraft skal vera ein del av Noregs energiframtid, må det behandlast med grundigheit. Det fortener det. Nyleg leverte nokre av Noregs fremste fagmiljø Kjernekraftutvalets rapport – over 500 sider med anbefalingar om korleis rammeverk for kjernekraft kan organiserast i Noreg. Dei har vurdert sikkerheit, regulering, konsesjonar, beredskap og korleis vi kan sikra demokratisk kontroll og trygg drift dersom Noreg i dag vel å satsa på kjernekraft. Men FrP avfeiar det og opptrer som at dei veit betre enn Noregs fremste fagfolk på området. Det er ikkje ansvarleg energipolitikk. Eg har òg eit spørsmål til FrP: Kva er det FrP skal bruka all denne krafta til? FrP er imot elektrifisering, dei er imot omstilling. Er det sånn, som representanten før meg sa, at det skal gå til datasenter, eller skal det rett og slett gå til eksport? For oss i Arbeidarpartiet handlar energipolitikk om meir enn å vinna debattar. Det handlar om å byggja landet vidare. (Innlegg er under arbeid)

  • 21. mai 202616:17· Innlegg

    Innstilling fra energi- og miljøkomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Morten Stordalen, Rikard Spets, Pål Morten Borgli, Sylvi Listhaug, Kristoffer Sivertsen, Kristian August Eilertsen, Bjørn Larsen og Tor Mikkel Wara om det neste oljeeventyret på norsk sokkel (Innst. 284 S (2025–2026), jf. Dokument 8:175 S (2025–2026))

    Eg veit nesten ikkje om eg skal le eller grina når eg høyrer på FrP i denne debatten. Ein snakkar om føreseielegheit og stabilitet, men i praksis er rett og slett politikken til FrP ein trugsel for norske arbeidsplassar innan norsk olje og gass. Kvifor? Jo, det er fordi dei nektar å forhalda seg til at me har underteikna Parisavtala, som gjer at me skal omstilla næringa vår. Alle grafar peikar inn i eit framtidsbilde som også me i Noreg er nøydde til å forhalda oss til. Akkurat no er det krig i verda, og det er krig i Europa, noko som gjer at me produserer meir olje og gass enn det me har gjort på lang tid. Sjølvsagt stiller Noreg opp i den situasjonen som me står i, men det betyr ikkje at me ikkje skal ta ansvar for næringslivet vårt framover. Framstegspartiet seier at dei har snakka med næringa. Eg stiller det same spørsmålet som representanten Haltbrekken: Kven har dei snakka med? For me i Arbeidarpartiet har vore ute og snakka med næringa, og dei seier tydeleg frå til oss: stabile rammevilkår. Dei skjelv av politikken til FrP, som no er imot alt som heiter subsidiar, men når det gjeld oljenæringa, skal det pøsast inn i stort mon. Eg har sagt det før, og eg seier det igjen: Politikken til FrP er som «long covid». Ein ser ikkje konsekvensane av han på sikt, men til slutt ligg næringslivet brakk. På Vestlandet er dette ein av dei store snakkisane – korleis politikken til Framstegspartiet kan leggja heile vestlandskysten brakk.

  • 21. mai 202611:50· Innlegg

    Representantforslag frå stortingsrepresentantane Bård Hoksrud, Trond Helleland, Anne Lise Gjerstad Fredlund, Erling Sande, Remi Sølvberg, Marius Langballe Dalin, Jørgen H. Kristiansen og Grunde Almeland om å sikre det regionale flytilbodet på FOT-rutenettet i Sør-Noreg (Dokument 8:291 S (2025–2026))

    Eg har eit aldri så lite behov for å rydda litt i denne debatten etter å ha sete og lytta til han. Det kjem ulike påstandar frå både Høgre, Venstre og Framstegspartiet om at regjeringa hatar Vestlandet. Det er eit veldig spesielt utsegn. Vestlandet har fått store satsingar. Eg føler behov for å nemna at me har fått prosjekt som K5, altså mellom Arna og Stanghelle, som er ei historisk satsing på både jernbane og samferdselsprosjekt. Eg vil berre minna opposisjonen om kor mange samferdselsministrar og politikarar det har stått på Arna stasjon og lova samferdselsprosjekt utan at det kom ei einaste krone. Kven er det no som har gjennomført dette prosjektet? Jo, det er Arbeidarpartiet. Det same gjeld E134 Røldal–Seljestad. Me fullfører Sotrasambandet. Me har og skal auka rassikringsrammene. Det er ikkje minst viktig når me snakkar om samferdsel på Vestlandet – det er ei historisk satsing. Det må me ta med oss inn i debatten. Samferdselsprosjekt på Vestlandet er krevjande. Det er ein utruleg vanskeleg infrastruktur. Me har høge fjell og dalar, me har ras, me har smale vegar, og me manglar gul midtstripe, men desse prosjekta som no ligg inne i vårt budsjett, er samferdselsmidlar som vil byggja frå Røldal til Voss, frå Sotra til Ålesund, frå fjord til fjell, med både å ta vare på det me har, utbetra der me kan, og ikkje minst byggja nytt der me må. Eg hadde berre eit behov for å presisera at Arbeiderpartiet er veldig glad i Vestlandet.

  • 19. mai 202614:32· Innlegg

    Innstilling fra energi- og miljøkomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Sylvi Listhaug, Morten Stordalen, Kristoffer Sivertsen, Rikard Spets og Tor Mikkel Wara om kostnadsberegninger for å nå Norges klimamål (Innst. 283 S (2025–2026), jf. Dokument 8:174 S (2025–2026))

    Dette synest eg er eit litt artig forslag, for trass i at Framstegspartiet gjentekne gonger har fått svar på spørsmålet om kostnader knytte til klimatiltak og klimamåla våre, ber FrP på nytt igjen om eit anslag på kva dette vil kosta, då altså frå 1990-nivå. Det FrP i realiteten ber om, er å bruke ressursar frå fellesskapet på å rekna på fortida i staden for å løysa framtidas problem. Kva inneber eigentleg dette forslaget? Jo, det inneber å bruka pengar på å laga eit hypotetisk Noreg, eit Noreg som aldri førte klimapolitikk, eit Noreg utan CO2-avgifter, utan kvotesystem, utan teknologiutvikling og utan grøne investeringar. Det i seg sjølv er ikkje berre metodisk krevjande, det er sløsing med ressursane til fellesskapet. Multiconsult har vist at det i 2024 var ca. 60 mrd. kr i omsetning i fornybarnæringa. Eg lurer på: Skal dette òg vera med i reknestykket til FrP? Dette, å bruka pengar på analysar som ikkje bringar oss éin einaste meter nærmare løysinga, er sløsing med offentlege midlar. Endå viktigare er det at når Framstegspartiet i denne saka stiller spørsmål om kva det kostar å kutta utslepp, bør me òg stilla oss spørsmålet: Kva er konsekvensane av å la vera? Kva kostar det å bryta ein internasjonal bindande avtale, altså Parisavtalen? Kva kostar det når ekstremvêr rammar? Kva kostar det norsk industri som mistar konkurransekraft fordi verda faktisk går vidare utan oss – kva kostar det av arbeidsplassar, spesielt på Vestlandet, når dei mistar konkurransekrafta fordi verda også går vidare utan oss? La oss vera heilt ærlege: Kva vil det kosta dersom Framstegspartiets eigen politikk skal liggja til grunn, ein politikk som inneber å kutta i klimatiltak og bremsa omstillinga? Det er den rekninga vi burde ha diskutert i dag.

  • 30. apr 202611:17· Innlegg

    Debatt om kultur- og likestillingsministerens redegjørelse om status i arbeidet med å fremme likestilling og mangfold i alle sektorer (Redegjørelsen holdt i Stortingets møte 21. april 2026)

    Eg vil oppfordra føregåande talar og leva etter eit bod frå ei bok som representanten sjølv vel å følgja. Det handlar om å elska sin neste. Det er eit godt råd i livet – å kunne elska sin neste. Transpersonar er ei lita gruppe i Noreg, men kanskje den gruppa flest føler dei har ein rett til å meina noko om. Me må snakka om konsekvensane av dette. Eg møtte ein person på eit arrangement. Hen var blitt litt lengre på det arrangementet enn planlagt. Det var blitt mørkt ute, og hen var livredd. Me var ein gjeng som blei ståande saman med denne personen. Familien måtte henta hen, og angsten i blikket til familiemedlemen sa meir enn tusen ord. Dette hadde dei opplevd før. Tenk deg at du kvar einaste gong du går ut, f.eks. går på jobb, blir møtt av blikk, blir mobba eller utsett for vald – kvar einaste dag, kvar einaste gong. Dette er ikkje enkelthendingar, dette er eit mønster. Me som sit i denne salen, er ikkje utan ansvar. Når politikarar bidreg til å latterleggjera menneske eller gjer livet deira til ein debattarena, får det konsekvensar også utanfor denne salen. Å bli bevisst feilkjønna og å bli omtala som noko ein ikkje er, er ikkje berre ord. Det er òg ei belastning som over tid bryt ned identiteten til eit menneske. Me veit kva det fører til: dårlegare psykisk helse, auka risiko for vald og overgrep og ein høg sjølvmordsstatistikk. Me ser ei utvikling: For ti år sidan var det pinleg å vera imot rettar til skeive, men no har det snudd. Det er legitimt å meina at rettane til skeive er opne for debatt. Det bør bekymra oss. Me har i dag heldigvis ei Arbeidarparti-regjering som jobbar med løysingar. Å løfta fram behovet for å styrkja psykisk helse og livskvalitet for personar som bryt med normer for kjønn og seksualitet, og å auka kompetansen når det gjeld seksuelt mangfald, i skular, i offentlege tenester, i politiet og i Forsvaret er viktig, men det held ikkje med tiltak aleine. Me i denne salen har eit ekstra ansvar for korleis me snakkar, og for kva slags samfunn me byggjer, for i eit samfunn der me meiner at alle skal stilla likt, må me òg tola ulikskaper.

  • 9. apr 202615:51· Innlegg

    Innstilling fra energi- og miljøkomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Frøya Skjold Sjursæther, Arild Hermstad, Ingrid Liland, Oda Indgaard og Julie E. Stuestøl om norsk deltakelse i EUs sosiale klimafond (Innst. 184 S (2025–2026), jf. Dokument 8:101 S (2025–2026))

    Når det gjeld EUs sosiale klimafond, som denne saka handlar om, viser klima- og miljøministeren til det arbeidet som er i gang. Arbeidarpartiet meiner at det er fornuftig å venta med avgjerdene til departementa har kome tilbake med sine vurderingar, slik at me kan ta stilling til moglegheiter og utfordringar i lys av forordninga om klimafondet. ETS2 handlar i hovudsak om drivstoff og fossilt brensel. Noreg blir ikkje direkte omfatta av alle elementa i dette systemet, men det kan likevel finnast tiltak me kan dra nytte av, sånne tiltak som kan bidra til å avlasta hushalda som opplever auka kostnader som følgje av klimakutt. Eg trur ikkje befolkninga i Noreg er mindre oppteke av klimakutt enn andre, men når folk må velja mellom å betala for fritidsaktivitetane til barna og å fylla bensin for å køyra dei dit, er det forståeleg at klimaet kjem i bakgrunnen. Samtidig er det mange som nettopp uttrykkjer bekymring for framtida til barn og barnebarn, og for konsekvensane av f.eks. global oppvarming som påverkar oss allereie i dag. Me ser det i jordbruket, og me ser det med auke i flaum, ras og ekstremver. Dette er godt dokumentert, og det er noko som me må løysa saman. Difor meiner Arbeidarpartiet at me må klara å ha to tankar i hovudet samtidig. Me må kunna kutta i utslepp, og me må sikra sosial rettferd. Difor ventar me på kva det vidare arbeidet vil visa, og dersom det viser seg at Noreg kan dra nytte av EUs sosiale klimafond, vil dette kunna vera eit viktig bidrag til hushalda som blir ramma hardast, spesielt låginntektsgrupper. Eg må likevel få lov til å stilla eit spørsmål. Er det sånn at Framstegspartiet får ein allergisk reaksjon kvar gong ordet klima blir nemnt, ein så sterk allergisk reaksjon at dei kjem med heilt elleville merknader i denne innstillinga? I merknadene sine hevdar FrP bl.a. at det manglar transparens i kostnadsoverslag. Då tenkjer eg at det er viktig å minna representantane på at statsråden har svart ved fleire anledningar, både gjennom skriftlege spørsmål og proposisjonar og i klima- og statusplanen for 2026. I desse dokumenta går det veldig tydeleg fram, både med utgreiingar og ved at kostnadsoverslag blir gjort kjende. Eg oppmodar FrP til å lesa desse dokumenta på nytt igjen.

  • 24. feb 202613:47· Innlegg

    Innstilling fra energi- og miljøkomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentant Maren Grøthe om å oppheve klimanøytralitetsmålet (Innst. 118 S (2025–2026), jf. Dokument 8:41 S (2025–2026))

    For å nå måla i Parisavtalen må verda kutta utslepp raskare enn i dag. Noreg skal ta sin del av ansvaret, og klimanøytralitetsmålet er eit viktig verktøy for å sikra at me bidreg meir enn det som følgjer av våre ordinære forpliktingar. Dette målet blei vedteke av Stortinget i 2016 med brei einigheit, som ein del av ratifiseringa av Parisavtalen. Arbeidarpartiet stod bak, for me meiner at Noreg skal vere eit land som både kuttar utslepp heime og bidreg til utsleppsreduksjon globalt. Det er dette klimanøytralitetsmålet handlar om. Forslaget om å oppheva målet vil svekkja norske klimaambisjonar. Det er eit brot med den linja Stortinget har stått samla om i snart 20 år, og Arbeidarpartiet meiner at ei så stor endring krev eit solid avgjerdsgrunnlag. Det har me ikkje no. Regjeringa har vore tydeleg på at ho vil koma tilbake til Stortinget når ho veit meir om utsleppsutviklinga, og om korleis kvotane i marknaden under Parisavtalen artikkel 6 vil fungera etter 2030. Å fjerna målet før dette arbeidet er gjort, er etter vårt syn både for hastig og uansvarleg. Noreg bidreg allereie i store utsleppsreduksjonar i utviklingsland gjennom samarbeid under artikkel 6. Dette er tiltak som er dokumenterte og verifiserte, og som ikkje ville ha skjedd utan norsk innsats. Dei utløyser private investeringar og styrkt energisikkerheit, og dei bidreg til grøn omstilling i land som treng det. Dette er ikkje symbolpolitikk, det er konkrete utsleppskutt og eit viktig supplement til arbeidet me gjer her heime. Noreg har ingen tradisjon for å trekkje tilbake klimamål før arbeidet er i gang. Det vil senda uheldige signal internasjonalt og svekkja truverdet vårt som ein pådrivar i klimapolitikken. Arbeidarpartiet meiner difor at klimanøytralitetsmålet må liggja fast. Det representerer eit sjølvstende og ein nødvendig ambisjon for vår norske klimapolitikk, og det er eit ansvar me ikkje bør løpa frå.

  • 5. feb 202611:03· Innlegg

    Innstilling fra energi- og miljøkomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Hanne Beate Stenvaag, Sofie Marhaug og Geir Jørgensen om å stanse den videre elektrifiseringen av Melkøya-anlegget, Representantforslag fra stortingsrepresentantene Maren Grøthe, Bjørn Arild Gram, Geir Pollestad og Trygve Slagsvold Vedum om å stanse ytterligere elektrifisering av sokkelen med kraft fra land og Representantforslag fra stortingsrepresentant Lars Haltbrekken om å pålegge oljeselskapene å ku

    Det er tydeleg at representanten Sivertsen ikkje har fått med seg at arbeidet med elektrifiseringa av Melkøya allereie er godt i gang. Rundt halvparten av prosjektet er gjennomført, og over 15 mrd. kr er bundne opp i kontraktar og investeringar. Dette er ikkje eit prosjekt på teiknebrettet. Dette er eit prosjekt som byggjast av fagfolk i heile landet akkurat no. For Arbeidarpartiet er dette enkelt: Noreg skal lykkast med å utvikla petroleumsnæringa, kutta utslepp og sikra arbeidsplassar. Då må me ha stabile og føreseielege rammevilkår. Stortinget har fatta vedtak, og når næringslivet har inngått milliardkontraktar i tillit til staten, står me ved det. Alt anna hadde vore eit brot med den føreseielegheita Noreg er kjend for og avhengig av. Å stoppa Melkøya ved å ta tilbake utdelt straum løyser ingen verdas ting – ikkje kraftmangelen i Finnmark, ikkje klimautsleppa, ikkje utfordringane for reindriftsnæringa, og det løyser definitivt ikkje Europas behov for å fasa ut russisk olje og gass. Det einaste det ville skapt, er eit Noreg som framstår som eit land det ikkje går an å stola på. Det som verkeleg forundrar meg i denne saka, er kor lite næringsvennleg Framstegspartiet framstår. Eit parti som tidlegare har snakka om føreseielegheit for industrien, bidrar no til å skapa usikkerheit langt utanfor Noregs grenser. I spørsmålet om grøn omstilling, kraft, EØS og no Melkøya, teiknar FrP eit bilde av Noreg som eit land det ikkje er trygt å investera i. Det bildet må me snu. Det er difor ein tryggleik å sjå at SV står støtt som eit føreseieleg klimaparti denne saka. Det viser at det går an å ta klimautfordringane på alvor og samtidig sikra arbeidsplassar. At MDG og FrP har funne saman i ein allianse som vil avvikla norsk olje- og gassindustri, framstår underleg. At MDG ønskjer å avvikla olje og gass raskare, er dei heilt opne og ærlege om – det er ikkje nokon overraskingar i det – men at FrP legg seg på den same linja, overraskar meg. Det betyr jo akkurat det MDG seier: Oljenæringa vil måtte stengja 30 år før tida om me ikkje gjennomfører dette prosjektet.

  • 29. jan 202614:44· Innlegg

    Innstilling fra energi- og miljøkomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Maren Grøthe og Trygve Slagsvold Vedum om å stanse innføringen av ny EU-avgift på drivstoff i Norge (Innst. 58 S (2025–2026), jf. Dokument 8:8 S (2025–2026))

    Arbeidarpartiet er oppteke av ei rettferdig og effektiv klimaomstilling – samtidig som me skal bruka dei nødvendige verktøya for at det ikkje plutseleg skal bli ein drastisk auke i f.eks. drivstoffprisane som ein konsekvens av ETS 2. Arbeidarpartiet ønskjer å understreka at Noreg kan søkja om midlertidige unntak og kompensera gjennom andre avgifter eller ordningar om det skulle bli nødvendig. EU har vedteke utsett ikrafttreden av kvotesystemet med eitt år, til 1. januar 2028. Og EU-kommisjonen har føreslått ei rekkje tiltak for å sørgje for at kvoteprisen held seg på ønskt nivå ved lansering og for å sikra prisstabilitet etter implementering. Noreg vil som følgje av dette også få betre tid til å førebu og tilpassa seg dei nye regelverka. Arbeidarpartiet er oppteke av at Noreg skal nå klimamåla sine på ein rettferdig måte. Vi skal kutta utslepp utan å velta byrda over på vanlege folk. Difor vil eg rosa regjeringa for arbeidet med klimatiltaka.

  • 29. jan 202614:24· Innlegg

    Innstilling fra energi- og miljøkomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Grunde Almeland, Guri Melby og Abid Raja om en plan som sørger for at Norge kutter utslipp og når klimamålene (Innst. 55 S (2025–2026), jf. Dokument 8:3 S (2025–2026))

    24:24] (ordførar for saka): La meg først takka komiteen for eit godt og konstruktivt arbeid i behandlinga av denne saka. Komiteen har gjennomført skriftleg høyring i saka, og 13 høyringsinnspel er mottekne. Det viser eit breitt engasjement og understrekar viktigheita av temaet. Dokument 8:3 S frå Venstre inneheld heile 42 ulike oppmodingsforslag og vedkjem fem departement: Finansdepartementet, Energidepartementet, Klima- og miljødepartementet, Kommunal- og distriktsdepartementet samt Samferdselsdepartementet. Klima- og miljøministeren viser i svarbrevet sitt til at det er innhenta vurdering frå ansvarlege statsrådar. Komiteen peiker på at forslaga tek utgangspunkt i Noregs klimamål og internasjonale forpliktingar. Det blir løfta fram moglegheiter knytte til utsleppsreduksjon, verkemiddelbruk og styring, og det blir presentert alternativ for utsleppskutt i fleire sektorar, bl.a. industri, transport og arealbruk. Forslagsstillarane understrekar behovet for meir effektiv ressursbruk og ein overgang til sirkulærøkonomi. Som eit av Arbeidarpartiets medlemer av energi- og miljøkomiteen vil eg seia at Arbeidarpartiet støttar intensjonen i fleire av forslaga, og viser til at mange av dei allereie er under utgreiing eller inngår i igangsett politikk.

  • 8. jan 202612:29· Replikk

    Redegjørelse av statsministeren om regjeringens politiske prioriteringer – plan for Norge (Det vil bli foreslått debatt umiddelbart etter redegjørelsen)

    Eg takkar for svaret. Representanten var sjølv inne på det geopolitiske bildet vi står i i dag, så omstillinga kan kanskje ta noko lengre tid enn det vi hadde sett for oss. Eg hadde i dag besøk frå Voss gymnas, og det minner oss på at vi har ei forplikting til omstillinga som vi skal igjennom. Statsministeren har jo redegjort i dag for regjeringa sin plan for Noreg, som er både tryggleik og verdiskaping og skal vere ei rettferdig omstilling. Men det eg lurer på, er: Korleis kan Arbeidarpartiet og MDG saman bidra til ei føreseieleg og rettferdig omstilling som sikrar både arbeidsplassar og lokalmiljø i Noreg?

  • 8. jan 202612:27· Replikk

    Redegjørelse av statsministeren om regjeringens politiske prioriteringer – plan for Norge (Det vil bli foreslått debatt umiddelbart etter redegjørelsen)

    Eg hadde eigentleg eit anna spørsmål, men etter representantens innlegg ønskjer eg å utfordra litt på det bildet i Europa. Vi snakkar om føreseielegheit og tryggleik for folk i Noreg, og om omstilling, men det gjeld òg for menneske ute i Europa. Ein del menneske ute i Europa er òg avhengige av norsk olje- og gassproduksjon, både for å få varme i hus og for å koka maten sin. Korleis vil MDG vera med og stå for ei føreseielegheit for Europa i den tida vi står i, med tanke på energipolitikk?

  • 18. des 202517:02· Innlegg

    Innstilling fra energi- og miljøkomiteen om Endringer i naturmangfoldloven (forbud mot næringsmessig uttak av myr) (Innst. 56 L (2025–2026), jf. Prop. 2 L (2025–2026))

    Endringa me behandlar i dag, handlar om å ta vare på noko av det mest verdifulle me har: naturen vår. Målet med endringa i naturmangfaldlova er å innføra eit forbod mot nye næringsmessige uttak av myr til torvproduksjon eller andre tekniske føremål. Kvifor er dette viktig? Våtmark og særleg myr er naturens eigen karbonbank. Den lagrar enorme mengder med karbon, bidreg til klimatilpassing og er heim for eit rikt naturmangfald. Når me øydelegg myr, f.eks. ved å ta ut torv, slepp me ut store mengder klimagassar. Me mistar natur, me mistar økosystem som flaumdemping, og me svekkjer naturen si evne til å hjelpa oss i møte med klimaendringane. Forbodet me no innfører, gjeld på nye uttak. Eksisterande torvuttak blir ikkje rørte. Det gjev næringa tid til å omstilla seg. Me veit at dette er ei næring med arbeidsplassar, og me skal ta ansvar for ei rettferdig omstilling. Difor legg me opp til ei gradvis nedtrapping, og me involverer næringa i arbeidet med å utvikla gode alternativ til torv. Det finst allereie erstatningsprodukt, og me skal styrkja forsking og innovasjon, sånn at gartnarnæringa får gode løysingar. Dette er ikkje berre norsk politikk, det er eit internasjonalt ansvar. FNs klimapanel og naturpanel har understreka at ivaretakinga av myr er avgjerande for klima- og naturmangfald. Noreg må òg ta sin del av ansvaret. Eg vil understreka at restaurering av tidlegare torvuttak er viktig. Viss ikkje grøfter blir tetta, fortset utsleppa. Difor må me kombinera forbod med tiltak for restaurering, sånn at myrane igjen kan bli netto karbonlager. Dette er eit viktig skritt for å redusera klimagassutslepp, ta vare på naturen og sikra framtidige generasjonar. Det krev ansvar og vilje til å ta tøffe val. Arbeidarpartiet står for trygg styring. Me ser heilskap, og me tek ansvar.

  • 18. des 202516:19· Innlegg

    Innstilling fra energi- og miljøkomiteen om bevilgninger på statsbudsjettet for 2026, kapitler under Energidepartementet, Nærings- og fiskeridepartementet og Klima- og miljødepartementet (rammeområdene 12 og 13) (Innst. 9 S (2025–2026), jf. Prop. 1 S (2025–2026))

    Eg treng bistand til å forstå FrP sin politikk. Det blir fleire gonger i denne debatten nemnt at marknaden skal styre, og det blir snakka som om AS Noreg har fått kroken på døra, og at det no går nedanom og heim, trass i at vi har «all time high» eksport, spesielt frå Vestlandet. Det er nesten så me begynner å lura på om FrP har skrive sine innlegg ut frå kommentarfeltet på TikTok. Dei lyttar i alle fall ikkje til industrien, LO, NHO, Rederiforbundet eller andre, som åtvarar sterkt mot måten FrP omtalar både Enova og Innovasjon Noreg på. Eg skulle ønskje FrP kunne forklara desse marknadsmekanismane. Det blir som eit luftslott, som å opna ein butikk som skal selja sand i Sahara, for du må jo ha ein marknad som ønskjer å kjøpa produktet du skal selja – og det er der staten er med på å finna dei gode løysningane. Favorittorda til FrP i denne debatten har vore sløsing og symbolpolitikk. Dermed snakkar FrP òg ned kvar einaste industriarbeidar i heile Noregs land som er med på ulike innovasjonsprosjekt for å kutte i utslepp. Eg lurar òg på det med NORWEP, som representanten Marhaug var inne på: Er det sånn at det er nokre prosjekt som gode nok til å få subsidiar, mens andre ikkje skal få det? Er det då Stortinget som skal bestemma kven som skal få subsidiar, eller skal logikken til FrP sigra? Med det takkar eg for debatten.

  • 18. des 202515:48· Innlegg

    Innstilling fra energi- og miljøkomiteen om bevilgninger på statsbudsjettet for 2026, kapitler under Energidepartementet, Nærings- og fiskeridepartementet og Klima- og miljødepartementet (rammeområdene 12 og 13) (Innst. 9 S (2025–2026), jf. Prop. 1 S (2025–2026))

    Veit de – bortsett frå representantane frå denne komiteen – kva Alta Fjernvarme, Sandefjord Havnevesen, Hillevågstunet i Stavanger, Norsk Gjenvinning i Stavanger, Bioparken på Voss og Hydro Husnes har til felles? Dei har alle fått støtte og innovasjonsmidlar frå Enova, altså verkemiddel i ein aktiv nærings- og industripolitikk, som har gjort dei konkurransedyktige både i Noreg og internasjonalt. Dette er Arbeidarparti-politikk i praksis. Me stiller opp med fellesskapets verktøy for å få ned utslepp, skapa nye jobbar og sikra eksisterande industri. Bedriftene omstiller seg, både små og store, og gjer små og store tiltak for lokalsamfunna sine. Dei utnyttar ressursane betre, bruker energien smartare og kuttar utslepp. Det verkar. Kva trur presidenten hadde skjedd om Framstegspartiet sitt alternative budsjett hadde fått gjennomslag? Då hadde veldig mange av desse omstillingstiltaka aldri blitt noko av. Små og store prosjekt over heile landet ville blitt lagt ned før dei hadde fått starta. Det er konsekvensen av ein politikk som svekkjer Enova og innovasjonsordninga og ein aktiv stat som medverkar. Eg har sagt det før, og eg seier det igjen: Politikken til FrP er som «long covid», han tek sakte, men sikkert livet av industrien vår, og han rammar særleg kysten og Vestlandet. FrP seier nei til kraft og nei til utvikling, men ja til avvikling. Arbeidarpartiet meiner noko anna. I vår plan for Noreg meiner me at klima- og industripolitikken skal gå hand i hand. Me meiner at omstillinga skal vera rettferdig, at folk skal ha eit arbeid å gå til, og at heile landet skal takast i bruk. Det skjer ikkje av seg sjølv. Det krev politiske val. Eg er glad for at me har trygg styring og ei regjering som ser heilskapen, som tek ansvar for framtida, og som byggjer nye næringar samtidig som me tek vare på dei me allereie har. Det krev tøffe val, og det kan vera krevjande å stå i. Då må det faktisk vera vaksne i rommet som tek ansvar, og det ansvaret er eg glad for at våre raud-grøne vener har teke saman med oss. «Når nettene blir lange, og kulda setter inn» skal me vera glade for at det er nokon som har styring på både straum, varme og økonomi. Då er det jammen bra at regjeringa har kome med noregspris, for då veit ein kva det kostar å koka pinnekjøtet – sjølv om VG skriv noko anna om straumprisen.

  • 17. des 202516:35· Innlegg

    Innstilling fra transport- og kommunikasjonskomiteen om Utbygging og finansiering av Bypakke Grenland fase 2 i Telemark (Innst. 57 S (2025–2026), jf. Prop. 153 S (2024–2025))

    Då eg såg denne talarlista, minte det meg litt om FrPs landsmøte. Derfor måtte eg koma inn og ta ordet. Det som blei framlagt no, handlar om kvardagsvegar, det handlar om beredskap, og det handlar om tryggleik for å koma heim til der ein bur. Statsråden har levert til gagns. Han har levert på rassikring, han har levert på eit av dei viktigaste prosjekta på Vestlandet – K5 og E16, med jernbane og trygg veg mellom Bergen og Voss. Det er første del av eit langt strekk som går austover, og som vil spara oss for både tid, ulukker og ferdsel. Eg skal ikkje halda denne debatten gåande lenge, men eg vil berre minna om at det låg ein NTP i bordet då me tok over regjeringskontora. Som representanten før meg sa, var det eit makkverk av eit dokument, som statsråden var nøydd til å rydda opp i. I dag har me ein plan og ei framdrift me veit vil gje oss gode samferdselsprosjekt på sikt.

  • 5. des 202516:15· Innlegg

    Innstilling fra finanskomiteen om nasjonalbudsjettet 2026 og forslaget til statsbudsjett for 2026 (Innst. 2 S (2025–2026), jf. Meld. St. 1 (2025–2026) og Prop. 1 S (2025–2026))

    I motsetning til budsjetta til hei sann-hopp sann-koalisjonen, der skattelettane kjem først og løysingane etterpå, er dette budsjettet historisk. Me har sikra fleirtal med fem parti, med ein heilskapleg politikk. Politikken til opposisjonen minner meir om Oslo-vêret, med mørke, regntunge skyer for Noregs næringar, klima, innovasjon og samferdsel. Om presidenten hadde blitt med på ein køyretur på Vestlandet, gjennom ein tunnel, på vegar langs bratte fjell med sjøsprøyt på den eine sida og vatn som fossar frå fjellsida på den andre sida, ville kanskje presidenten undra seg over dei djupe merka i asfalten. Eg ville forklart presidenten at dette er stein som har rasa ned frå fjellsida, og at eg var glad for at steinen trefte vegen og ikkje folka som ferdast der. Me har dessverre òg eksempel på at det skjer frå tid til anna. Samferdselspolitikk handlar nettopp om tryggleik på veg til jobb, fotballtrening og butikken. Klimaendringane gjev oss våtare og villare vêr og aukar risikoen for ras og skred, særleg på Vestlandet. Dette er ikkje ein fjern trussel, det er kvardagen for veldig mange folk. Folk kan oppleva å reisa på butikken for så å sjå at vegen er stengd når dei skal reisa heim igjen. Skredsikring handlar òg om beredskap – for helse, for arbeidsplassar, for liv og sikkerheit for folk som bur i Noreg. Difor er eg stolt over at me i dette budsjettet har fått til ein auke på 120 mill. kr til skredsikring. Det betyr ikkje berre fine ord, det betyr pengar til konkrete prosjekt som gjev trygge skulevegar, trygge arbeidsreiser og mindre utryggleik for folk som bur i rasutsette område. Skredpunkta er kartlagde, tiltaka er klare, og no kan me starta med gjennomføringa. Dette er tydelege eksempel på kva me får til når me samarbeider raud-grønt. Eg vil spesielt takka min kollega representanten Sande og den tidlegare representanten Bjørke, og ikkje minst Vestland Arbeidarparti og alle laga, som kvart einaste år har dette som den viktigaste saka på årsmøta sine. Med Senterpartiet som budsjettpartnar veit eg at me kjem til å halda dette fokuset saman. Dette budsjettet viser kva me får til når me står samla. Me leverer tryggleik, me byggjer beredskap og tek ansvar for heile landet. La meg til slutt seia som ordføraren vår i Kvam: No er det vanlege kvardagsvegar sin tur.

  • 4. des 202512:52· Innlegg

    Møte torsdag den 4. desember 2025 kl. 10

    Først vil eg takka interpellanten for å løfta dette viktige temaet. Som interpellanten nemnde, stranda denne gåsenebbkvalen på Sotra i 2017. Han var på jakt etter maneter og kom inn i Øygarden. Då han vart obdusert, fann dei noko heilt anna enn mat i magen. Han var stappfull av plastposar. Dette vart eit globalt symbol på marin forsøpling, men òg ei brutal påminning om kva som skjer når plasten i havet hamnar i naturen og i dyra som lever der. Plasten forsvinn ikkje, han blir broten ned til mikroplast, som spreier seg i havet, i fisk og i skaldyr, og han endar til slutt på tallerkenen vår. Når plastforureininga aukar, aukar òg risikoen for at me får plast inn i vår eigen kropp gjennom maten me et. Havet er det største matfatet vårt, og det er i ferd med å bli forureina. Heldigvis har me gode forskingsarenaer i Noreg, som f.eks. NORCE, som forskar på nettopp utfordringa med mikroplast. Då komiteen var på reise til India, var det ei sjokkerande oppleving. Me såg elver og kystområde fulle av plast. Underteikna trudde ikkje at me hadde same utfordringa i Noreg, men det har me. Langs heile kysten vår finnest det viker og berg som er fulle av plast. Det er ei stille krise, som me må ta på høgste alvor. Dette er eit globalt problem. Plast er ei handelsvare med lange verdikjeder, og Noreg kan ikkje løysa det aleine. Me må samarbeida med andre land, næringslivet og sivilsamfunnet. Det er mykje som blir gjort, men me kan gjera så mykje meir, f.eks. fremja berekraftig plastprodukt og bruk, redusera mengda plastavfall som ikkje blir gjenvunne og ikkje minst hindra at plast hamnar på avvegar. Noreg har høge mål for gjenvinning og forbod mot enkelte eingongsartiklar. Produsentansvar blir utvikla, og EU har varsla nye krav om resirkulert plast i produkt. Havet er livsviktig. Det gjev oss halvparten av planetens oksygen, absorberer 30 pst. av CO2-utslippa og er jordas største karbonlager. Om me lèt plastproblematikken veksa, set me dette i fare og matfatet vårt med det. Midt i alt dette har me fått eit sterkt symbol inn på Stortinget – vandrekvalen. Han minner oss om kampen om plast i havet, at det er vår felles oppgåve å løysa – for natur, for klima og for den framtidige maten vår. Eg vil retta ein stor takk til Stiftelsen Framtidshavet og Kenneth Bruvik for å halda dette engasjementet oppe og kunnskapen levande. Arbeidet deira utgjer ein forskjell. Og mykje av det me gjer i Noreg, verkar. Eg har sjølv vore heldig og fått delta på nokre av desse ryddeaksjonane. Det ein ser i dag, er at ein ikkje lenger finn eingongsartiklar i strandsona. Ein finn ikkje eingongssugerøyr, ein finn ikkje q-tips, ein finn ikkje bruskorkar. Politikk verkar.

  • 4. des 202512:52· Innlegg

    Møte torsdag den 4. desember 2025 kl. 10

    Eg håpar det er i orden at eg har med meg ein rekvisitt på talarstolen.

  • 13. okt 202520:03· Innlegg

    Møte mandag den 13. oktober 2025 kl. 10

    Folk har gjeve Arbeidarpartiet tillit til å styra fordi me står for noko trygt, ansvarleg og framtidsretta. Det skal me ta vare på. Noreg er eit industriland, og det skal me fortsetja å vera, men det krev kloke val. Me må sikra at det er føreseieleg for dei som skapar verdiar. Samtidig skal me kutta utslepp, slik me har forplikta oss til. Eg er stolt av å representera Noregs største eksportfylke, men eg er også smerteleg klar over at me står for nokon av dei største utsleppa. Arbeidarpartiet har lagt fram Grønt industriløft og Grøn bok for å visa korleis me skal ta ansvar, kutta utslepp og skapa arbeidsplassar. Dette handlar ikkje om symbolpolitikk; det handlar om industri, eksport og framtidig verdiskaping. Me skal gjera dette på tvers av ulike sektorar. Ta f.eks. Northern Lights på Kollsnes, som har skapt over 900 årsverk – med staten som pådrivar. Langs kysten på Stord, i Bjørnafjorden og på Voss investerer investorar i biogass, grøn skipsfart og batteriteknologi, nettopp med hjelp av statlege verkemiddel. Dette gjev oss nye næringar. Slike prosjekt hadde ikkje vore mogleg med politikken til FrP. Dei kallar CO2-lagring og havvind for sløsing, dei vil fjerna heile verkemiddelapparatet og overlata det til marknaden. La oss vera ærlege: Utan staten, ingen Northern Lights, utan støtte, ingen fart på omstillinga. Omstillinga er på full fart framover. Me ser det innan havbruk, landbruk og olje- og gassnæringa. Me vil ikkje gjera som FrP og gå baklengs inn i framtida. Der FrP skapar usikkerheit, sørgjer me for trygg styring. Arbeidarpartiet spelar på lag med industrien og arbeidsfolk, og me trur på ein stat som stiller krav, men også stiller opp. Det er slik me byggjer framtida. For å kutta klimautslepp er me nøydde til å ta nokre vanskelege val og gjera prioriteringar som skal stå seg over tid, for framtidige generasjonar. Stans i vedteken politikk og utgreiingar fører ikkje til klimakutt. Hovudinteressa til FrP er å stansa alle klimatiltak, men det ville seia at det er kroken på døra for både Vestlandet og industrien i Noreg.

  • 13. okt 202514:59· Replikk

    Møte mandag den 13. oktober 2025 kl. 10

    La meg starta med å gratulera både presidenten og representanten med nye, viktige verv. SV er, som Arbeidarpartiet, oppteke av å kutta i utslepp. Me har sett at det er kome inn fleire ulike forslag om å stansa bl.a. elektrifisering. Vegen til lågutsleppssamfunnet må skje på ein trygg måte, der vi sikrar både arbeidsplassar, næringsliv og verdiskaping i heile landet. Tiltak som faktisk gjev utsleppskutt, er bl.a. elektrifisering av sokkelen og investering i grøn industri. Dette krev vanskelege avvegingar og prioriteringar. Då lurer eg på: Korleis vil SV stå opp mot FrP for å sikra at rammevilkår blir gjennomførte, og at me får raske og reelle utsleppskutt?

  • 16. jun 202511:05· Innlegg

    I dag er eg stolt og litt forundra – stolt over at me får eit fleirtal for noregspris saman med Senterpartiet, SV og Raudt, subsidiært, men aller mest forundra, spesielt over debatten i dag og enkelte parti som brukar mest tid på å snakka om at dette er valkamp. Men dei som driv valkamp på noregspris, er nettopp partia som stemmer imot og gjer folk utrygge på kva noregspris faktisk er. Høgre prøver både frå denne talarstolen og i media å forklara sin tryggpris – og beklagar, eg må ærleg talt seia at eg framleis ikkje forstår han. Framstegspartiet vil forunderleg nok senda det tilbake igjen til meir utgreiing – eit parti som er imot byråkratisering og vil ha vekk alle byråkratar i Noregs land. Eg synest at det manglar noko i denne debatten, for akkurat mens me står og debatterer, blir verda meir utrygg. Folk i Noreg treng meir føreseielegheit, og dei treng tryggleik. Noregspris er med på å gjera det føreseieleg for folk og hushald i heile det langstrekte kongeriket vårt. Så eg er framleis overraska over Framstegspartiet, som vil senda det tilbake igjen og auka byråkratiseringa. Eg er glad for at me skal gje Noregs befolkning tryggleik med tanke på straumrekninga frå oktober.

  • 12. jun 202515:52· Innlegg

    Mikroplastforureininga er ei tverrsektoriell utfordring, eit problem som rammar havet, jorda, lufta og oss menneska. I havgapet ved Landro i Øygarden finst det ein fjellsprekk fylt med 8 000 liter mikroplast, plast som har blitt kverna år etter år. Eg har sjølv stått der saman med Kenneth Bruvik, ei viktig stemme i kampen mot plast i naturen. Det var rett og slett dramatisk å sjå med eigne auge kor veldige påverkingane av dette var på omgjevnadene. Dette er ikkje eit teoretisk problem; det er eit synleg, konkret problem, og det skjer her og no. Komiteen har òg vore på besøk hos Afroz Shah i Mumbai og sett dei enorme mengdene med plast som tek over naturen. Me i Arbeidarpartiet tek dette på djupaste alvor. Berre for fire år sidan fekk Noreg sin første plaststrategi. Regjeringa har hatt eit tett samarbeid med dei nordiske miljøministrane på akkurat dette feltet, og me er nært kopla på forskingsmiljø som skal gje oss betre kunnskap om korleis plast påverkar både natur og helse. Dette er ikkje ei sak som kan løysast berre med ei enkel lov. Det krevst brei innsats på tvers av sektorar, nivå og landegrenser, og det er sett i gang viktige tiltak: overvakingsprogrammet Mikronor, forsking som har styrkt forståinga av både skadeverknader og løysingar, det er innført forbod mot tilsett mikroplast i produkt som kosmetikk, reingjeringsmiddel og enkelte malingstypar, og det blir arbeidd med korleis me kan redusera utslepp frå både bildekk, tekstilar og maling, som me veit er dei aller største kjeldene til mikroplast. Samtidig er det framleis store kunnskapshol, og det må utviklast betre målemetodar for å få betre oversikt over utsleppa. For Arbeidarpartiet handlar dette om meir enn plast. Det handlar om helse og natur, og det handlar om å setja inn rett tiltak som verkar, og me bruker det politiske handlingsrommet som me har, både nasjonalt, regionalt og internasjonalt. Det finst nokre heltar der ute som eg har lyst å løfta no på slutten. Min inspirasjon i arbeidet med å kjempa mot plast er dei to som eg har nemnt tidlegare, Kenneth Bruvik og Afroz Shah. Takk for at de aldri mister motet, og at de viser oss retning i politikken.

  • 12. jun 202514:53· Innlegg

    Det er hyggeleg å høyra frå representanten Halleland at dette er god miljøpolitikk. Eg vil starta med å roa Framstegspartiet, som på rekkje og rad har vore oppe og uttrykt si bekymring for det me vedtek i dag. Dei har vore veldig opptekne av valkamp og at det er eit valkampstunt, samtidig som dei prøver å skapa utryggleik og usikkerheit om akkurat det me skal vedta i dag. Det er ein liten refleksjon å ta med seg vidare. Arbeidarpartiet, Senterpartiet og SV sikrar i dag eit fleirtal, og eg har høyrt det er fleire som ønskjer å stilla seg bak det same vedtaket. Eg vil også seia at det ikkje er heilt uvanleg at ein etter at ei innstilling er levert frå komiteen, får nye fleirtal. Det er både minerallova og havbruksmeldinga gode bevis på. Me har lytta til kva stasjonseigarar og dei som driftar stasjonar rundt omkring, seier. Dei peikar på at dette kanskje er den beste løysinga per dags dato, for om dei blir pålagde å måtta selja 98 oktan, har dei rett og slett ikkje råd til å driva bensinstasjonen sin fordi etterspørselen er såpass låg som han er. Eg vil takka for debatten.

  • 12. jun 202514:17· Innlegg

    Dette har vore ei sak som har skapt eit enormt engasjement. Det har kome rekordstore mengder av høyringsinnspel. Dette har gjeve oss ei imponerande innsikt, og eg vil påstå òg heilt ny kunnskap. I dag er eg glad for at Arbeidarpartiet, saman med Senterpartiet og SV, sikrar at både veteranbilar og båtmotorar òg i framtida får køyra på etanolfritt drivstoff. Det skal vera mogleg å få tak i 98 oktan på vegen vidare. Dette er viktig for å sikra at me tek vare på både kultur, beredskap og transport. Per dags dato finst det ikkje noko anna produkt, og då vil me sikra at 98 oktan framleis skal vera tilgjengeleg. I eit av høyringssvara som kom inn denne våren, var det presisert at etanolfri bensin må vera tilgjengeleg. Etanoltilsetjing kan løysa opp gummi og aluminiumslegeringar, slik at ein kan få både lekkasje og motorstopp. Det er akkurat det dette handlar om. Difor har me lytta til både veteranbilentusiastar, båteigarar og folk i beredskap, industri og organisasjonslivet. Me har lytta og snakka, og no har me handla. Arbeidarpartiet, saman med Senterpartiet og SV, har no, som eg nemnte, sikra fleirtal for eit vedtak. 98 oktan utgjer berre 2 pst. av drivstoffsalet, men det har stor betydning. Som representanten Haltbrekken sa, er det i dag ikkje forbode, men det har breitt om seg ein utryggleik knytt til kva som kan skje med produktet. Arbeidarpartiet har vore oppteke av å finna løysingar som varetek både miljøambisjonar og behova til folk. Me skal ikkje detaljstyra marknaden, men me ønskjer å gjera det føreseieleg for brukarane. Det er freistande å sitera frå fleire av høyringsinnspela, men det skal underteikna ikkje gjera. Då trur eg at ein hadde slått med klubba.

  • 10. jun 202519:15· Innlegg

    I dag er eg utruleg glad for at me har sett oss mål – for mål gjev retning, og retning gjev innovasjon. Industrien på Vestlandet er oppteken av at me har klare mål som gjev innovasjon. Me ser det i heile landet i dag. Me ser det frå Mo i Rana til Stord og Øygarden, med Langskip, kva dei faktisk får til fordi me har sett retning for å kutta utslepp og retning i klimapolitikken. Difor blir eg så overraska over Framstegspartiet sin retorikk. Kva i alle dagar er det Framstegspartiet har tenkt at industrien skal leva av om dei ikkje skal vera med på det grøne skiftet? På Vestlandet er me i front med Grøn region Vestland, og eit av det viktigaste verkemiddelet me har, er nettopp Enova-støtta. Den har denne regjeringa dobla fleire gonger, mens Framstegspartiet i sine alternative budsjett og i sitt partiprogram kallar dette for sløsing. Dette er klimapolitikk i praksis, at ein faktisk har innovasjon som gjev retning. Det er snakk om arbeidsplassar. Langs heile kysten vår gjev dette arbeidsplassar, f.eks. ute i Austevoll med ECOsubsea, ei gründerbedrift som er verdsleiande på teknologi for miljøvenleg skipsvask. Dette skal Framstegspartiet fjerna frå sine budsjett. Dette er innovasjon, det er arbeidsplassar, og det er på denne måten me har bygd industrien vår og Vestland. I min og presidentens kommune har me f.eks. Voss biopark. Med Framstegspartiet i spissen vil det ikkje vera midlar til denne bioparken og til grøn innovasjon og utvikling. Eg er så utruleg glad for at Arbeidarpartiet, Høgre og Venstre i dag har kome til ei einigheit som gjer at me faktisk har ei retning og set oss mål for vidare utsleppskutt. Med dette vil eg takka for det arbeidet som er gjort.

  • 2. jun 202518:03· Innlegg

    Noreg skal kutta utslepp, skapa nye jobbar og byggja industri for framtida. Fjernvarme er ein del av heilskapen, så når samfunnet treng straum som mest, kan fjernvarme ta over for oppvarming og på den måten avlasta kraftsystemet. Det er smart bruk av energi, og det er god politikk. Potensialet er betydeleg. Energikommisjonen energiministeren sette ned, peikar på at fjernvarmeproduksjonen kan aukast til kanskje det dobbelte innan 2040. Det ville vera ei dobling av dagens produksjon. Sverige har vist at det er mogleg. No følgjer me etter med målretta politikk. Skal me lykkast, må me rydda opp i det som hemmar utviklinga. Fjernvarmeprisen blir framleis regulert etter regelverk frå 1986. Arbeidarpartiet i regjering arbeider med ei ny prisregulering som gir føreseielegheit både for kunden og for selskapa som investerer i systemet. Det skal vera rettferdig. Straumkundar har støtteordningar i møte med høge prisar, og det skal fjernvarmekundar òg kunna ha i framtida. No føreslår regjeringa to nye ordningar som kan gje tryggleik for hushalda utan å svekkja økonomien til selskapa, og det er viktig. Me må òg bruka meir av den energien me allereie har. Spillvarme frå industrien og datasentera må i større grad utnyttast, og difor har regjeringa stilt krav om energikartlegging og vurdering av overskotsvarme. Gjennom endring i energimerkingsforskrifta vil fjernvarme no i større grad bli premiert, med ein ny vektingsfaktor på 0,45. Fjernvarme er ei brikke i eit effektivt og fleksibelt energisystem. Arbeidarpartiet vil difor halda fram med å fjerna barrierar, sikra rettferdige vilkår og leggja til rette for at bransjen kan veksa og bidra. Det er god energi, det er god beredskap, og det er framtidsretta klimapolitikk.

  • 2. jun 202516:38· Innlegg

    I år er det 150 år sidan det blei vedteke å byggja Vossabanen. Det var ein dag som var verd å feira, og det er det i dag også. I dag kunne me ha pynta Stortinget med ballongar og flagg, for i dag er det verkeleg ein stor dag. Etter år med konvoiar, lesarinnlegg, debattar og eit samla krav frå heile Vestlandet er vedtaket endeleg på plass. Fellesprosjektet Arna–Stanghelle skal realiserast, og finansieringane er sikra. Dette er eit viktig rassikringsprosjekt, men det er også ein samferdselsrevolusjon, med både ny veg og bane som skal byggjast saman. Dette er eit løft for alle som ferdast på denne vegen, frå barn til yrkessjåførar. Dødsvegen. Noregs verste veg. Rasvegen. Dette er ikkje berre dramatiske overskrifter, det er kvardagen til folk som bruker E16 mellom Voss og Bergen. Dette er ein veg prega av rasfare, stengde tunnelar og utryggleikar. Eg har sett vaksne menn gråta av fortviling over denne vegstrekninga, men no kan me sjå med stoltheit og lette at det kjem trygg veg og bane. No startar arbeidet med å byggja ein kvardagsveg utan frykt for ras og stengde vegar. Mange har stått på Arna stasjon og lova ny veg og bane, men det er denne regjeringa, med statsminister Støre og samferdselsminister Jon-Ivar Nygård, som har levert. Dei har lytta til Vestlandet og teke ansvar. No skjer det. Ein ny veg og moderne bane mellom Bergen og Voss vil gje tryggare reiser, kortare reisetid, klimavennleg transport og betre framkome. Ja, det er viktig for Vestlandet, men det er også viktig for heile landet. E16 er ei nasjonal pulsåre mellom aust og vest. Dette er ei styrking av Noregs viktigaste samferdselsåre og gjer reisa tryggare for alle. Forhåpentlegvis blir dette mitt siste innlegg om denne saka frå denne talarstolen på ei stund, sjølv om me sjølvsagt skal ha heile vegen, heilt til Voss. No er me i gang med trygg veg og bane – og takk til alle som har stått på!

  • 13. mai 202513:24· Innlegg

    Biogass er ein del av løysinga på fleire av dei store utfordringane me står overfor. Me treng å kutta utslepp, utnytta ressursane betre og skapa nye, grøne jobbar. Biogass bidreg til alt dette samtidig. Med Arbeidarpartiet og Senterpartiet i regjering har me styrkt innsatsen betydeleg. Me har bygd opp eit breitt spekter av verkemiddel for å få fart på biogassmarknaden, og no ser me at det verkar. I 2024 blei det gjeve rekordhøg støtte til biogassprosjekt. Enova delte ut 550 mill. kr, som utløyste ny produksjon på over 1 TWh. Det er eit viktig gjennombrot og viser at tiltaka fungerer. Me har gjort mykje gjennom målretta og godt forankra grep: ein ny og sterk styringsavtale med Enova, der utsleppskutt og energisystemet igjen er tydeleg prioritert auka støtte gjennom Bionova og jordbruksavtalen insentiv som gjer det lønsamt å bruka husdyrgjødsel, som kuttar utslepp og gjev verdifull biorest tilbake til jorda Dette er heilskapleg politikk, og det er politikk som verkar. Biogass er ikkje eit enkelt tiltak. Det krev utvikling av heile verdikjeder, frå råstofftilgang, produksjon og distribusjon til bruk i transport, industri og landbruk. Det er nettopp dette me byggjer akkurat no. Me ser at teknologien blir betre, at marknaden veks, og at fleire aktørar får tru på at det er mogleg å satsa på biogass i Noreg. Men det skjer ikkje av seg sjølv; det skjer fordi Arbeidarpartiet i regjering tek styring og følgjer opp med ansvarlege og treffsikre verkemiddel. Me har òg sett i gang eit større arbeid med sirkulærøkonomi, der biogass er ein naturleg del. Det handlar om smart ressursbruk og betre samanheng mellom avfall, energi og verdiskaping. Vår politikk byggjer på det som verkar. Me vel løysingar som gjev resultat, og som kan skalerast trygt over tid. Det er trygg og ansvarleg styring. Med Arbeidarpartiet i regjering blir det full gass på biogass.

  • 13. mai 202512:54· Innlegg

    Som førre talar var inne på, kan eg følgje opp med å seia at denne saka er tydeleg utgreidd, og kunnskapsgrunnlaget er det som ligg til grunn. Det er utført både konsekvensutgreiingar og tilleggsutgreiingar, og miljøpåverknadene er grundig utgreidde og vurderte før vedtaket blei fatta. Det er for så vidt det som gjer at Arbeidarpartiet òg tenkjer at det ikkje er grunn til å stansa drifta fram til behandlinga i Borgarting lagmannsrett i juni. Me veit at dette er ei sak som engasjerer mange. Arbeidarpartiet tek miljøomsynet på alvor, men no er denne saka, som saksordføraren var inne på, oppe i rettssystemet og skal behandlast i Borgarting lagmannsrett i juni. Me støttar sjølvsagt ikkje forslaget.

  • 13. mai 202512:30· Innlegg

    Det vil eg.

  • 13. mai 202512:28· Innlegg

    Vi behandlar i dag Prop. 58 L, som gjeld viktige endringar i forureiningsloven. Og føremålet med denne loven er tydeleg: Me skal sørgja for trygg og effektiv handtering av grensekryssande avfall. Me skal styrkja innsatsen for å redusera avfallsmengda, auka ombruk og sikra meir materialgjenvinning. Eit av dei viktige tiltaka i denne proposisjonen er nettopp endringa i § 34, der kommunane skal bruka differensierte gebyr der det faktisk bidreg til å redusera avfall og til å styrkja ombruk. Dette er god miljøpolitikk, og det er òg god fordelingspolitikk. Differensierte gebyr betyr at ein betalar for det ein kastar, og ikkje noko meir. Det betyr at ein familie som sorterer godt og har lite restavfall, kan få lågare gebyr. Og det betyr at kommunane får moglegheit til å premiera miljøvenleg åtferd, anten det handlar om å velja mindre søppeldunk med færre tømmingar, eller heimekompostering. Det gjev valfridom, noko som eg har forstått at Høgre òg er oppteke av. Difor er det skuffande å sjå at store delar av opposisjonen vel å stemma mot § 34. Det framstår underleg og ikkje som ei reell bekymring for folks kvardag. Dei åtvarar mot byråkrati, men dette handlar ikkje heilt om vanlege løysingar. Dette er løysingar som veldig mange kommunar i dag allereie har, og det er ein smartare bruk av gebyret. Det er rettferdig, fordi dei som belastar systemet minst, betaler òg minst. Dette handlar ikkje om detaljstyring, men det handlar om å gje kommunane eit tydeleg signal om at dei skal bruka verktøy som verkar, gje innbyggjarane moglegheit til å ta miljøvenlege val og gje insentiv til å kasta mindre.

  • 8. mai 202511:26· Innlegg

    Småkraft spelar ei viktig rolle i den norske kraftmiksen og bidreg med om lag 12 TWh årleg. For Arbeidarpartiet er det ei klar prioritering å sikra stabile og føreseielege rammevilkår for småkraftprodusentane. Dette er avgjerande for at me skal kunna vidareutvikla bransjen, oppretthalda eit sterkt kompetansemiljø og sikra trygg og rimeleg straum til både folk og næringsliv. Me står overfor ei tid der behovet for rimeleg, stabil og føreseieleg kraftforsyning er større enn nokon gong. For Arbeidarpartiet er det difor eit mål med utbygging og oppgradering av kraftproduksjon, og at det skjer på ein rask og smidig måte. Me meiner at kraftressursane er eit fellesgode som skal koma heile samfunnet til gode, og me har ansvar for å sikra at dei blir forvalta på ein måte som styrkjar både velferda og den norske konkurransekrafta. Statkraft er ein hjørnestein i norsk kraftforsyning, med om lag ein tredjedel av den totale kraftproduksjonen. Selskapet er Noregs største produsent av både vass- og vindkraft og har dei siste fem åra levert betydelege verdiar, rundt 140 mrd. kr, til staten gjennom skatt og utbytte. Regjeringa Støre har vore tydeleg på at statens eigarskap i Statkraft skal sikra langsiktig verdiskaping og berekraftig utvikling. Forslagsstillarane ønskjer bl.a. å gje staten ei meir aktiv rolle i Statkrafts operative avgjerder, men bryt ikkje det med prinsippet om god eigarstyring? Det er eit prinsipp som skal understreka skiljet mellom eigarens og styrets ansvar – eit breitt anlagt verkemiddel som skal styrkja heile kraftsektoren framfor å gje særskilde pålegg til enkeltaktørar, noko som igjen kan skapa uføreseielegheit. Arbeidarpartiet står fast på ein sterk, offentleg forankra kraftsektor bygd på ryddige rammer og trygg og ansvarleg politikk. Det er heilt avgjerande for å sikra kraft til både folk og industri i åra som kjem.

  • 6. mai 202517:19· Innlegg

    No kan me vel kanskje òg seia at det har vore ein blytung dag. Arbeidarpartiet er veldig oppteke av å finna ein god balanse i saka om blyforbod på skytebanar. Me står overfor ei viktig miljø- og helsesak, som samtidig gjeld sportsskyting, jegertrening, beredskap og frivilligheita over heile landet. Bly har ein alvorleg effekt på både menneske og dyr, og det finst inga trygg nedre grense for bly i blodet. I tillegg veit me at bly i natur kan hopa seg opp i næringskjedene og utgjera ein risiko for drikkevatn og dyreliv. I Noreg har me ein stor og desentralisert skytebanestruktur, i stor grad driven av frivilligheita. Kartlegging har vist at nedlagde skytebanar òg kan vera ei kjelde til forureining, og at aktive skytebanar sannsynlegvis også har utfordringar. Arbeidarpartiet er oppteke av at me har god kunnskap om forholda i Noreg, og korleis me kan tilpassa framtidige krav. Dialogen med skyttarorganisasjonane og relevante aktørar for å kartleggja konsekvensar og moglegheita for tilpassing er viktig, også med tanke på beredskap og trening for politi og heimevern. Arbeidarpartiet meiner at Noreg bør delta aktivt i vidare diskusjonar i EU og jobba for løysingar som ivaretek både miljø, helse og sikkerheit, og at me har eit gjennomførleg regelverk tilpassa norske forhold. På sikt må me òg arbeida for ein overgang til blyfrie alternativ, sånn at me kan redusera behovet for kostbare tiltak og samtidig ta miljøansvar. Denne utfordringa handlar ikkje berre om regelverk, men òg om å sikra framleis sterke lokalsamfunn, livskraftig frivilligheit og ein god beredskap, samtidig som me gjer vårt beste for å beskytta miljøet og framtidige generasjonar. Så vil eg, etter nok ein blytung dag for nokon, takka for gode debattar.

  • 6. mai 202515:34· Innlegg

    Det er ei glede å få fortsetja med elektrifiseringsdebatten. Petroleumssektoren har redusert klimagassutsleppa med 24 pst. sidan 2015, og det er mykje takka vera CO2-avgifta, kvoteplikt og elektrifisering med kraft frå land. Dette er det mest effektive tiltaket me har for faktisk å bidra til utsleppskutt fram mot 2030. Prosjekta som no blir gjennomførte, bidreg ikkje berre til at Noreg når klimamåla, men også til at næringa omstiller seg og sikrar vidare investering og aktivitet på norsk sokkel. Dette er moglegheiter som me må ta vare på. Noreg treng ein ansvarleg og teknologinøytral politikk, som vurderer elektrifiseringstiltak sak for sak, men samtidig må me huska på at me konkurrerer om å investera nettopp i ei uroleg tid, både økonomisk og geopolitisk. Føreseielege rammevilkår er avgjerande for at næringa skal fortsetja å investera i utsleppskutt og ny teknologi her heime. Forslaga om å stansa pågåande elektrifiseringsprosjekt er særleg urovekkjande. Desse prosjekta er bygde på lovlege vedtak, og selskapa har inngått kontraktar baserte på løyve frå norske myndigheiter. Å stansa desse vil ikkje berre vera eit brot på norsk forvaltingspraksis. Det vil òg påføra staten økonomisk tap og skade. Noregs omdøme som eit stabilt og sikkert land å investera i, vil bli svekt. Eit godt eksempel er Snøhvit Future-prosjektet, som vil kutta i sine CO2-utslepp, faktisk 90 pst., og samtidig sikra gassleveranse til Europa. Prosjektet er, som me er godt kjende med, blitt grundig gjennomgått. Kort sagt: Me må gripa moglegheita til å kombinera klimakutt med verdiskaping og energisikkerheit. Å svekkja investeringsviljen ved å krydra med litt usikkerheit, er det siste me treng. Ein ansvarleg politikk og trygg økonomisk styring er nøkkelen til at Noreg held fram med å vera eit attraktivt land å investera i og eit føregangsland i klimaarbeidet, noko som igjen sikrar oss arbeidsplassar i heile vårt langstrakte land.

  • 10. apr 202517:23· Innlegg

    Noreg har kontroll på krafta. Det har me hatt sidan me tok grep med konsesjonslovene og heimfall for over 100 år sidan. Me har bygd kraftsystemet vårt på nasjonalt eigarskap og fellesskapets kontroll, og det har tent oss godt. Gjennom avgifter og skattesystem sikrar me at både staten og lokalsamfunnet får noko igjen for verdien krafta vår skapar. Det gjev legitimitet og rettferd til kraftpolitikken vår. Når me tek avgjerder om utbygging av nett eller avtalar, skjer det gjennom demokratiske prosessar. Det er ein viktig tryggleik i ei tid med mykje uro. Samarbeidet med våre nordiske og europeiske naboar har gjort oss sterkare og meir robuste, men me har òg sett kor sårbare me kan vera, særleg etter at Russland har brukt gassen sin som eit pressmiddel inn i energipolitikken. I Europa har ein bygd ned regulerbar kraft og satsa tungt på vêravhengig energi. Det gjev store svingingar i kraftmarknaden, og det har me merka her heime òg. Straumstønad og innføring av noregspris har vore viktige grep for å beskytta folk og skapa føreseielegheit. Det viser at Arbeidarpartiet tek ansvar når marknaden gjev uføreseielegheit. Me deler bekymringa til forslagsstillarane, men ikkje løysingane. Det viktigaste me kan gjera no, er å byggja ut meir fornybar kraft og sørgja for at straumen faktisk kjem fram dit han trengst. Me må fortsetja å kutta ned på saksbehandlingstid, byggja ut nett og sørgja for at Noreg òg i framtida har trygg, rimeleg og grøn energi. Avslutningsvis vil eg seia at utifrå dei debattane me har hatt her i dag, verkar det som om fleire parti ikkje vil seia noko om rotårsaka til at me står i den situasjonen me står i i dag, det som har med Putins krigføring å gjera.

  • 10. apr 202515:48· Innlegg

    Å bruka straumen vår smartare er bra for både lommeboka og klimaet. Difor har Arbeidarpartiet saman med Senterpartiet og SV sørgt for ei kraftig satsing på energieffektivisering i denne perioden. Me har sett av over 4 mrd. kr til energitiltak i bygg gjennom Enova og Husbanken. Det er meir enn det dobbelte av det den førre regjeringa sette av. Med støtte frå Husbanken kan kommunane gjera kommunale bustader, omsorgsbustader og sjukeheimar meir energieffektive. Det gjev lågare straumrekningar og betre inneklima, og det er betre for miljøet. I fjor kom det også ein ny styringsavtale med Enova med ein betydeleg auke til energitiltak i vanlege heimar. Det betyr at folk no kan søkja støtte til teknologi som allereie finst, som allereie verkar, og som sparer straum frå dag éin. Me har òg lagt fram ein eigen handlingsplan for meir energieffektivisering. Han viser korleis me skal kutta forbruk i både bustader og næringsliv og samtidig sørgja for grøne jobbar og ny teknologi. Arbeidarpartiet jobbar målretta for å leggja til rette for meir fleksibilitet og effektivitet. Arbeidarpartiet meiner at dette ikkje berre handlar om tal og teknologi. Det handlar òg om å gjera det enklare og billegare for folk flest å spara straum og gjera Noreg endå betre rusta for framtida.

  • 11. feb 202514:34· Innlegg

    Dette har vore ein debatt som gjev eit lite innblikk i korleis diskusjonen går føre seg òg der ute. Denne stortingsmeldinga, som eg var inne på i mitt innlegg tidlegare, er ei viktig melding. Det er ekstremt mange menneske rundt omkring i Noregs land som lever med frykt for når uvêret skal setja inn. Den atmosfæriske elva som kom med Jakob i fjor, kom med ei forrykande kraft. Ein var rundt og banka på dører for å henta folk ut, og det var vanskeleg å vita kvar nedslagsfeltet til dette uvêret kom. Det svarar denne meldinga på – at folk skal få ein betre tryggleik i kvardagen sin, at ein skal ha betre varslingssystem på kvar uvêret kjem. Eg har blitt utfordra frå denne talarstolen med tanke på ulike vassdrag i mitt eige fylke, og det var vel ni vassdrag. Eg kan svara nei, nei, nei, nei, nei, nei, nei, nei og nei til representanten Marhaug, for verneverdiane ligg fast. Vannressurslova ligg der som ho er. Eg skal snakka litt om mitt eige vassdrag, som heiter Raundalselva, som representanten òg var inne på. Diskusjonen me har no, er litt typisk for diskusjonen i samfunnet. Arbeidarpartiet står for vernet, og me flyttar ikkje på det, men det er noko med at alle stemmer skal få lov til å koma til i diskusjonen når det bur folk nedover langs vassdraget, i Evanger og Bolstad. Statsråden har sjølv vore ute og sett på dei enorme øydeleggingane som kom etter førre flaum. Dei skal òg få lov til å heva stemma si og seia noko om korleis det blir opplevd når vatnet kjem fossande nedover i store mengder. Eg skal avslutta med å seia at representanten er rørt av representanten Lauvås sitt innlegg, og eg står veldig stødig bak ordlyden hans. Med det vil eg òg seia at Arbeidarpartiet stemmer imot forslaga nr. 11–13.

  • 11. feb 202512:51· Innlegg

    Meldinga «Tryggare framtid – førebudd på flaum og skred» er ei viktig melding, spesielt for Vestlandet og folk som opplever dette på nært hald. Noreg er eit land som har storslått natur og krevjande infrastruktur. Landet består av både høge fjell og dalar. Mange bur langs ei elv, eit fjell eller ved eit berg og lever med naturen tett innpå seg kvar einaste dag. Me har hatt hendingar, som kvikkleireskredet i Gjerdrum i 2020 og ekstremvêret Hans i 2023, som har vist oss kor sårbare lokalsamfunna våre er. I 2024 hadde me òg den atmosfæriske elva Jakob, som kom innover Vestlandet. Dette gjer at kommunane våre blir ramma av skadar på både infrastruktur, vatn- og avløpssystem, bruer, hus, heim og industri. Denne meldinga er viktig for å sikra innbyggjarane våre infrastruktur og for å sikra mot framtidige hendingar. For Arbeidarpartiet er tryggleik for folk viktig, og me må unngå at bustadområde, vegar og kritisk infrastruktur blir plasserte i risikoutsette område i framtida. Difor vil Arbeidarpartiet styrkja kartlegginga av flaum og skredfare gjennom NVE, sånn at kommunane får eit betre kunnskapsgrunnlag for arealplanlegginga si. Det vil gjera det enklare for kommunar å ta i bruk ulike naturbaserte løysingar, som skogplanting og bevaring av våtmark for å redusera risikoen for flaum og skred. Me vil òg innføra ei obligatorisk innmeldingsordning for farevurdering og grunnundersøkingar, sånn at viktig kunnskap blir samla og tilgjengeleg for alle relevante aktørar. Me veit at mange hus og bygningar i Noreg er bygde før dagens tryggingskrav. Me vil redusera eigendelen kommunen må betala for sikringstiltak, frå 20 pst. til 10 pst., sånn at fleire tiltak kan bli gjennomførte raskare. Sjølv med gode førebyggingstiltak vil me aldri kunna eliminera risikoen heilt for at me blir utsette for endringar som kjem av klimaendringane. Difor må me ha robuste beredskapssystem og god krisehandtering når alvorlege hendingar skjer. Difor vil me styrkja Naturfareforum for å sikra betre samarbeid mellom statlege og regionale og lokale aktørar og sørgja for at flaum- og skredvarslinga blir betre, sånn at innbyggjarane får tidlegare og meir presise varsel. Me skal sikra effektiv bistand til kommunane som blir ramma av flaum og skred. Flaum og skred trugar ikkje berre bustadområde, men òg matjorda vår og den kritiske infrastrukturen som held samfunnet i gang. Arbeidarpartiet meiner at staten må ta eit større ansvar for å sikra jordbruksareal mot naturskadar, og me må styrkja støtta til oppgradering av hydrotekniske anlegg i landbruket. Skredsikring av vegar og jernbaner må bli prioritert høgt i samferdselspolitikken. Infrastruktur blir stadig ramma, og me les oftare og oftare om lokalsamfunn som blir innesperra på grunn av ras og flaum. Klimaendringane aukar risikoen for flaum og skred, og me må handla no for å sikra samfunnet vårt mot framtidige hendingar. Arbeidarpartiet vil satsa på førebygging, betre beredskap og ein sterkare innsats for å beskytta landbruk og infrastruktur. Me står saman for eit tryggare Noreg for dagens innbyggjarar og framtidige generasjonar. Vern av natur er viktig, ikkje berre for å beskytta liv og eigedomar, men òg for å sikra at framtidige generasjonar òg skal få leva trygt i vårt vakre, vidstrakte land.

  • 19. des 202412:38· Innlegg

    Har de høyrt om Grøn region Vestland, om regionens innovative industrihubbar som har ei leiande rolle i det grøne skiftet? Vestlandet står midt i ei historisk omstilling med verkemiddelapparat som er ein motor for å skapa arbeidsplassar i heile landet. Sjå på Odda i Ullensvang, som produserer verdas reinaste sink, eller Hydro i Høyanger, som produserer den reinaste aluminiumen i verda. Dette er ikkje symbol, dette er Noregs framtid. Det er innovasjon, teknologiutvikling og kompetanse i verdsklasse. Det er arbeidsplassar og eksportinntekter og grøn vekst. No står dette i fare. Framstegspartiet sitt alternative statsbudsjett er ein direkte trussel mot alt me har oppnådd. Dei føreslår å kutte i investeringstilskot til grøne prosjekt, klimainvesteringsfond og tilskot til små, store og mellomstore bedrifter. Dei halverer til og med midlar til klimaordningar til landbruket. Framstegspartiet kallar dette symbolpolitikk. Eg kallar det arbeidsplassar, skatteinntekter og vekst i bygdene våre. For oppklara litt for representanten Nilsen: Framstegspartiet sitt budsjett er som «long covid» for norsk industri. Først merkar ein kanskje ikkje skaden, men konsekvensane på sikt er katastrofale: industridød, tap av arbeidsplassar og ein svekt økonomi – for ikkje å snakka om konsekvensen for klimaet. Eg merka meg i debatten at Framstegspartiet ikkje snakkar like tydeleg om kjernekraft. Er det fordi det vil krevja 300 mrd. kr i subsidiar for å få det realisert? Underteikna lurer framleis på kva Framstegspartiet skal bruka si framtidige kraft til når industrien ligg brakk i heile Noregs land. Grøn omstilling er ikkje eit val, det er eit krav, og Noreg er allereie verdsleiande innan teknologi og innovasjon. Dette gjev oss moglegheiter som er heilt unike og i toppen med tanke på å kutta utslepp, men dette krev kraft, det krev støtte, og det krev leiarskap. Mens Arbeidarpartiet byggjer opp industrien og verdikjedene gjennom verkemiddelapparatet, kuttar Framstegspartiet i alt dette. Framstegspartiet vil setja kroken på døra for både tradisjonell industri og framtidas løysingar. Vi snakkar ikkje berre om å stoppa ei grøn omstilling – det er ein total frontkollisjon for Noregs konkurranseevne.

Viser de 50 siste av 54 innlegg

Voteringsallianser

Hvem stemmer Linda Monsen likt med?

Rangering av nærmeste allierte og motpoler — på tvers av partigrensene.

Siste voteringer

12 nyeste

Vis →

Forslag fremmet

3 saker med rep som forslagstiller

Vis →

Siste spørsmål

1 nyeste

Vis →
  • Korleis har departementet vurdert handlingsrommet for å innrette ei ordning for sal frå produksjonsstad som også tek vare på gardsøl tilverka ved tradisjonelle handverksmetodar, sett i lys av Stortinget sitt vedtak 19. mai, EØS-retten artikkel 13 og nasjonal historisk verdi, særleg proporsjonalitetsprinsippet slik det kjem til uttrykk i Visnapuu-dommen, og omsynet til å verne og vidareføre norsk immateriell kulturarv?

    skriftlig

    16. jun 2026