Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Marin forsøpling og plastforureining hopar seg opp i verdshava i eit omfang som vi aldri har sett før. Mengda plast som finst i hava, er rekna til å vera opp mot 150–200 mill. tonn. Plastkvalen er kallenamnet til ein kval som stranda og vart avliva på Sotra i 2017. Han fekk namnet Plastkvalen fordi forskarar fann store mengder plast i magen, eit funn som skapte overskrifter i media over heile verda, og dermed meir merksemd rundt det globale problemet med marin forsøpling. Plastkvalen var ein ung hann som var rundt 6 meter lang og vog 2 tonn. Då magen vart opna, vart det tydeleg at heile magesekken var fylt til randa av plast. Over 40 plastposar, plastsekkar og store plastflak låg trykte saman i ein stor ball. Funnet av plasten i magen til kvalen fekk brei dekning i media, både i Noreg og internasjonalt, og mellom anna laga britiske Sky News ein dokumentarfilm om plastforureining, som tok utgangspunkt i saka om Plastkvalen på Sotra. Plastkvalen var eit viktig referansepunkt og symbol i kampen mot plastforureining i havet. Rapportane om plasten i kvalmagen førte til eit stort fokus på dette problemet, og engasjement i befolkninga førte til ei stor oppslutning om dei mange aksjonane som vart sett i gang for å rydda strender langs norskekysten. Stortinget har for tida ein modell av denne plastkvalen i «kvalnøtt-tre» som skal på vandring mellom ulike institusjonar dei nærmaste åra. Modellen har besøkt administrasjonen, næringskomiteen og energi- og miljøkomiteen, og han står i presidentskapet på kontoret mitt. Så viss nokon ønskjer å sjå denne modellen, er dei hjarteleg velkomne på mitt kontor. Målet med denne vandrekvalen er å retta merksemda mot utfordringar med plast i havet, og at vi saman kan finna gode løysingar på desse utfordringane. Dette er fordi marin forsøpling hamnar i havet, både direkte og indirekte via land, elvar og atmosfæren. Dei viktigaste kjeldene til plast i havet er avløpsvatn, slitasje på plastprodukt som tekstil og bildekk, avrenning frå land og lekkasje frå plastprodukt i næringa og blant oss forbrukarar. Marint liv og økosystem vert påverka negativt av plast og mikroplast. I tillegg utgjer mikroplast i desse økosystema eit potensial for risiko for menneske sin helse. Til dømes gjennom konsum av sjømat, avhengig av type, storleik og plassering, kan marin forsøpling av plast forårsaka øydeleggjande effekt på marint liv. Det finst gode bevis på at flytande plast kan transportera kjemikaliar og sjukdomsframkallande bakteriar i kystområda, der dei utgjer risiko både for økosystem og for menneskeleg helse. Eg deltok som Stortinget sin representant på FN sin havkonferanse, som i år var i Nice i Frankrike. Havkonferansen hadde fokus på å sikra framdrift i internasjonale havprosessar. Havbruk, fiskeri, olje, maritim verksemd og alt vi driv med langs kysten, er viktig for Noreg, og utan berekraftig forvalting og bruk går det fort ut over oss sjølv her heime også. Havet genererer omtrent halvparten av oksygenet i planeten, absorberer 30 pst. av alle CO2-utslepp og fangar over 90 pst. av den overskytande varmen som blir generert av desse utsleppa. Havet er jordas største karbonlager, så kvalitet i havet betyr noko for oss alle. Det blir no forhandla om ein global plastavtale, og Solberg-regjeringa utarbeider Noregs plaststrategi, så Noreg ligg truleg og forhåpentlegvis godt an. Den første runden med offisielle forhandlingar om den internasjonale plastavtalen var sett til august i Genève år i Sveits. Eg er spent på kva som er status på den internasjonale plastavtalen?
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
