Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Vestfold er ikkje eit sidespor. Vestfold har venta lenge nok. Me står på perrongen, og så ser me resten av landet susa forbi. Me har folk som kvar dag bidrar til verdiskaping, men regjeringa skjønar ikkje at tog ikkje går på festtalar. Tog går på skjener, ikkje på ord. Arbeidarparti-regjeringa har igjen svikta: ingen midlar til vidare planlegging av Stokke–Torp–Sandefjord, trass i vedtak i Nasjonal transportplan. Dei lovar i valkampen, men leverer null i budsjettet. Dei har pengar til alt, bortsett frå det som får hjula til å gå rundt. Og budsjettforliket? Me håpa på 20 mill. kr til planlegging – småpengar, men avgjerande. Klarte dei å finna dei? Nei. Resultatet: Vestfold blir ikkje prioritert, Vestfold blir gløymt. Når regjeringa set bremsene på, stoppar heile regionen. FrP står på. Me har lagt inn dei 20 millionane Bane NOR ber om. Me har gjort det før, og me gjer det igjen. For oss er ikkje Vestfold eit blindspor, det er framtida. Godsterminalen på Kopstad kan bli ein motor for næringslivet, men regjeringa stoppar vegtilknytinga – under 100 mill. kr kunne ha løyst ei stor oppgåve. Terminalen kan avlasta Oslofjordtunnelen og frigjera kapasitet. Det er som å ha ein motor, men nekta å fylla bensin. Til slutt: Eg hadde aldri trudd at SV eller Vestfold sin eigen representant frå MDG ville stemma for eit budsjett som legg ned planlegginga av jernbane mellom Stokke, Torp og Sandefjord.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
