Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
I førre innlegg prøvde eg å snakka om Vestfold-banen, men enda på feil perrong. Det beklagar eg veldig sterkt. Det er ganske seint på kvelden, men førre talar var så flink at han tok tak i alle poenga mine. Det er eg veldig takknemleg for. Arbeidarpartiet seier dei vil ha nærpoliti, men i statsbudsjettet gjev dei politiet 196 mill. kr ekstra. Det er småpengar, og det løyser absolutt ingenting. Sidan dei tok over, har politiet måtta kutta over 200 årsverk. For Sørøst politidistrikt har det frå oktober 2021 til oktober 2025 vore ein nedgang på 31 årsverk. Det er Arbeidarpartiets verk. Mens dei snakkar om tryggleik, må politiet leggja bort saker på grunn av ressursmangel. Det betyr ikkje at politiet ikkje vil hjelpa. Dei vil, men dei har ikkje ressursane. Når folk ringjer etter hjelp, står politiet klare, men dei er for få. Det er ikkje politiet sin feil, det er politikken sin feil. 75 pst. av kostnadane til politiet er løn. Når regjeringa løyver pengar, går mesteparten til faste kostnader – bygg, drift, energi – ikkje til fleire politifolk ute på gata. Resultatet er mindre kapasitet til patruljar og etterforsking. FrP gjer det Arbeidarpartiet nektar å gjera, me har 1,8 mrd. kr meir til politiet i 2026. Det er 1,4 mrd. kr rett til bemanning og drift, som patruljar, operativt arbeid og etterforsking, 250 mill. kr til kampen mot gjengar som rekrutterer unge, og 150 mill. kr til varetekt og soning, fordi straff skal gjennomførast, ikkje bortforklarast på Dagsnytt 18. Arbeidarpartiet kan ikkje lenger skulda på andre. Dei sit i regjering, dei har ansvaret, og dei vel – kvar einaste dag – å ikkje prioritera tryggleiken til norske borgarar. Tryggleik kjem ikkje av pressemeldingar, tryggleik kjem av politifolk på jobb. Det er FrP som finansierer det, det er Arbeidarpartiet som lèt vera. Det er forskjell på symbolpolitikk og politikk som faktisk held folk trygge.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
