Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 5. des 2025

Erling Sande
Erling Sande
Senterpartiet·Sogn og Fjordane

SakMøte fredag den 5. desember 2025 kl. 9

Innlegget

I Debatten på NRK 21. oktober brukte FrP og representanten Limi uvanleg sterke ord. Han snakka om dobbelbløff, straum av usanningar og trollfabrikk. Bakteppet for dette var at Arbeidarparti-regjeringa ikkje følgde opp lovnadene frå valkampen om studielånsslette og gratis ferje, og at det i valkampen blei påstått at studielånsslette og gratis ferje ikkje ville bli prioritert av Høgre og FrP, noko Limi kalla direkte usant og sa svekte tilliten i samfunnet. I dag må folk og næringsliv langs kysten registrere at FrP sjølv føreslår å fjerne gratis ferje. Det er ikkje alle i dette landet som er avhengig av gratis ferje, men alle er avhengig av at politikarar opptrer reieleg og snakkar sant. Spørsmålet til Limi er følgjande: Meiner Limi at FrP er unnateke forventinga om å opptre reieleg og snakke sant, og meiner Limi det ikkje har noko å seie for tilliten i samfunnet når det er FrP som seier noko i valkampen, men gjer noko heilt anna?

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat