Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 5. des 2025

Erling Sande
Erling Sande
Senterpartiet·Sogn og Fjordane

SakMøte fredag den 5. desember 2025 kl. 9

Innlegget

Tidlegare i haust var leiaren i KrF, Dag-Inge Ulstein, ute og nemnde at vi i Senterpartiet burde prøve å søkje gjennomslag i lag med høgrepartia. Eg vil tru at KrF på nokre område er glad for at Senterpartiet gjer opp budsjettet sitt i lag med andre parti enn Høgre og Framstegspartiet. Støtta til kyrkja og trussamfunna har vore ei viktig sak for både KrF og Senterpartiet. Ein skal vere ganske sterk i trua om ein tenkjer at vegen til FrP og Høgre blir ei ferd på gullgater for kyrkja og trussamfunna våre. FrP har føreslått milliardkutt på dette området, og Høgres finanspolitiske talsmann, Astrup, har tidlegare sagt at kan folk betale for å gå på treningssenter, kan dei betale for å gå i kyrkja. Spørsmålet er: Er ikkje KrF eigentleg litt glad og letta over at det ikkje er desse partia som skal avgjere finansieringa av trussamfunna våre?

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat